Tamilar (tamil தமிழர்) er ei folkegruppe frå delstaten Tamil Nadu sør i India og det nordaustlege Sri Lanka. Dei snakkar det dravidiske språket tamil, som har ein to tusen år lang nedskriven historie.[1]

Tamilske jenter i Kalmunai på Sri Lanka.
Foto: Sarvodaya, 2005

Fleire tamilske rike har stått for utviklinga av fleire tamilske kunstformer og mektig arkitektur, og har spreidd tamilsk kultur til Søraust-Asia og Indonesia. Tamilar har utvandra til heile verda, og ein finn tamilske utvandrarmiljø i Malaysia, Singapore, Thailand, Sør-Afrika, Burma, Aust-Afrika, Fiji, Mauritius, dei karibiske øyane, Australia og i mange delar av Europa og Nord-Amerika.

Tamilsk identitet endre

 
Skulptur av Tamilannai, gudinna som symboliserer det tamilske språket, i Madurai.
Foto: Balasundararaman

Tamilar har vore identifiserte under namn som tamilar, damela, dameda og liknande minst sidan tredje hundreåret f.Kr., både i India og på Sri Lanka.[2] Sjølvnamnet deira, tamiḻar, har vore tolka av språkforskarar som 'eins eigen tale' eller 'den rette [tale]måten'.[3] Ordet har truleg også gjeve opphavet til nemninga dravidisk gjennom ei sanskritisering.

Den tamilske identiteten retter seg særleg mot det tamilske språket. Allereie i sangamlitteraturen frå dei første hundreåra e. Kr. finn ein døme på ei eiga tamilsk sjølvkjensle, sjølv om dei materielle leivningane frå denne tida ikkje viser nokon stor skilnad mellom dei tamilske områda og andre område i Sør-India.[4] Det episke diktet Cilappatikār̲am frå 5. hundreåret skildrar ei tamilsk eining som omfattar rivaliserande rike som Tsjola, Tsjera og Pandija.[5] Av moderne forskarar er dette blitt rekna som byrjinga på ei tamilsk nasjonalkjensle.[6] Ulikt dei fleste andre hinduiske språksamfunna såg tamilar på tamil som likeverdig med sanskrit, og brukte det både til religiøse tekstar og høgverdig litteratur.

Tekstar frå 900- og 1000-talet prisar tamil som ei vakker ungjente og eit reint, guddommeleg språk. Språket blir også sett på som ei guddommeleg mor, Tamilannai. Nasjonalsongen til Tamil Nadu, «tamiḻttayvaḻttu» frå 1800-talet, er tileigna henne.

Geografisk utbreiing endre

Tamilar i India endre

 
Maskinskrivarar i den tidlegare franske kolonien Puducherry.
Foto: Bryce Edwards

I India er tamilane i majoritet i delstaten Tamil Nadu, men dei bur også tradisjonelt i sørlege Karnataka, sør i Andhra Pradesh, nokre delar av Kerala og i byen Pune i Maharashtra. Noko nyare innflyttarmiljø finst også i Mumbai og på Andamanane og Nikobarane.

Sjølv om dei tamiltalande landa har hatt mykje samband med resten av India var dei sjølvstendige og ikkje ein del av dei store indiske rika det meste av tida. Frå omtrent det 4. hundreåret f.Kr. til det 14. hundreåret var det tamilske landet rådd over av fire rike, Tsjolariket, Pandijariket, Tsjerariket og Pallavariket. Rika hadde handel med fønikarane, grekarane og Romarriket. Dei bygde opp mange store tempel, vatningssystem, vegar og dammar. Dei hadde også mykje makt — Tsjola-riket sin krigsflåte overvann Srividjayariket i Søraustasia i 1025. Rika fall saman etter krigar mot muslimar og Vidjayanagarariket i det 14. og 15. hundreåra. Etter det blei det tamilske landet delt opp mellom mange lokale hovdingar, og nokre større rike.

På 1600-talet grunnla danske, britiske og franske handelsfolk koloniane Trankebar (no Tharangambadi), Madras (Chennai) og Pondichéry (Puducherry) i dei tamilske områda. Størsteparten av landet blei samla i Britisk India i det 19. hundreåret. Etter indisk sjølvstende blei dei tamiltalande delane av India samla i ein delstat, Tamil Nadu.

Tamilar på Sri Lanka endre

 
Plantasjearbeidarar, såkalla indiske tamilar.
Foto: Terence Rangarasu

Dei fleste tamilane på Sri Lanka bur på Jaffna-halvøya og i Vanni-området i den nordlege delen av øya, og langs austkysten. I dei sentrale høglanda rundt Kandy bur det mange «indiske tamilar» eller «fjellandstamilar» som stammar frå landarbeidarar som kom frå Tamil Nadu til Sri Lanka for å arbeida på kaffi- og seinare teplantasjar i det 19. og 20. hundreåret. Det bur òg fleire tamilar i storbyen Colombo.

Som følgje av den etniske strida på Sri Lanka er fleire delar av historia til srilankiske tamilar omstridd. Både tamilar og singalesarar hevdar at den andre gruppa er seinare innvandrarar. Det har blitt funne potteskår i Jaffna frå det 2. hundreåret f.Kr. med tamilsk skrift.[7] Frå det 8. hundreåret blir tamilske busetnadar nemnd i singalesiske tekstar som demel gambim ('tamilske bygder og jord').[8] Men singalesarar og tamilar tolkar dette på forskjellige måtar. Frå om lag 1215 rådde det tamilske Arja Tsjakravarthi-dynastiet over Jaffnahalvøya og andre nære delar av Sri Lanka, fram til 1619 då det blei overvunne av portugisarar. Frå den tida herska første portugisarane og så nederlendarane over tamilske delar av Sri Lanka. I 1796 blei heile øya annektert av Det britiske imperiet, og i 1802 blei alle regionar av Sri Lanka samla i ein koloni.

 
Tamilske flyktningar på Sri Lanka i 2008.
Foto: trokilinochchi

Påverka av motstridande singalesisk og tamilsk nasjonalisme byrja etniske forhold på Sri Lanka å forverre seg i den første delen av det 20. hundreåret. Singalesar-dominerte regjeringar innførte ulike lovar og politikk for å verna og framheva singalesisk etter at Sri Lanka fekk sjølvstende. Tamilane oppfatta fleire av desse som diskriminerande, til dømes at singalesisk skulle vera det einaste offisielle språket. Tamilske krav om føderalisme blei møtt med valdelege opptøyar frå singalesiske ekstremistar. På 1970-talet tok tamilar til å krevja ein eigen stat, og ein borgarkrig braut laus. På 1980- og 90-talet fekk geriljagruppa LTTE kontroll over fleire delar av nordlege og austlege Sri Lanka. Ein fredsprosess varte frå 2002 til 2006, men full krig braut laus igjen i august 2006. Den srilankiske hæren erobra størsteparten av LTTE-områda i byrjinga av 2009 i kamphandlingar som drap over 6000 sivile, sende rundt 190 000 på flukt og øydela store delar av det omstridde området.[9]

Mange tamiltalande har prøvd å unngå konflikten på ulikt vis. Mange legg mindre vekt på tamilsk identitet enn til dømes tamilar i India. Tamiltalande muslimar på Sri Lanka reknar seg til dømes ikkje som «tamilar», medan fleire andre tamilske grupper har blitt heilt eller delvis singalesiske. Andre har flykta til utlandet.

Tamilske utvandrarmiljø endre

 
Kanadiske tamilar demonstrerer mot krigføringa på Sri Lanka.
Foto: Robert Thivierge, 2009

Den første tamilske utvandringa skjedde samstundes som tamilske rike voks. Handelsreisande tamilar levde i Egypt, Thailand, på Java og på Malakkahalvøya, der ein framleis finn ei klart tamilsk folkegruppe kalla chitty. Det fanst til og med ein tamilsk ambassadør i Romarriket.[10]

Storstilt tamilsk utvandring byrja i det 18. hundreåret då mange fattige tamilar blei sende til forskjellige delar av Det britiske imperiet som arbeidarar under harde kontrakter, særleg Malaya, Sør-Afrika, Fiji, Mauritius og dei karibiske øyane. Det finst enno tamilske miljø i desse landa. På den same tida drog også tamilske forretningsmenn til andre delar av Det britiske imperiet, særleg Burma og Aust-Afrika. Dei tamilske miljøa i Singapore, Malaysia, Sør-Afrika og Mauritius har halde på tamilsk språk og kultur. I Malaysia går dei fleste tamilske barna på skular der tamil er brukt i undervising, og dei fleste tamilar i Sørafrika og Mauritius har tamil som morsmål. Språket er ikkje levande lengre i tamilske miljø i andre land, men dei har likevel ein viktig tamilsk identitet.

Frå 1980-talet flykta mange tamilar frå borgarkrigen på Sri Lanka og slo seg ned i Australia, Europa, Nord-Amerika og Søraustasia som flyktningar frå borgarkrigen i Sri Lanka. I Noreg lever over 13 000 innvandrarar av srilankisk opphav, dei fleste tamilar.[11] Mange unge tamilske profesjonelle frå India, særleg dataprogrammerarar, har også flytta til Europa og USA som økonomiske utvandrar. Dei nye tamilske utvandrarmiljøa er meir integrerte i samfunnet der dei bur enn dei gamle miljøa var, og mange av dei har grunnlagt forskjellige kulturelle forbund for å verna og dyrka fram tamilsk språk og kultur i vesten.

Kultur endre

Religion endre

 
Ein brahminsk gut i Tamil Nadu utfører ei hinduisk rite.
Foto: Abdullah Al Ameriki

Dei fleste tamilar er hinduar, men ein finn også store grupper kristne og muslimar. Både djainismen og buddhismen har vore viktige religionar i tidlegare tid, og det finst fortsatt nokre få djainar i delar av Tamil Nadu (kalla சமணர் camaṇar på tamil). Religiøs utøving kan ta forma av daglege handlingar, som å tenna oljelampar og seia ei bøn. Mange kvinner lager også daglege kolam-mønster på bakken eller andre overflatar ved å dryssa rismjøl i innvikla figurar.

Den viktigaste guden i tamilsk hinduisme er Murugan. Murugan var i opphav truleg ein sjølvstendig gud men han blei seinare tolka som sonen til Sjiva.[12] Tamilar dyrkar òg modergudinna Amman, vernarguden Ajjanar og fleire ulike landsbygudar.[13] Kan̲n̲agi, heltinna i det gamle eposet Cilappatikār̲am, er dyrka under namnet Kannagi-amman eller Pattin̲i, særleg på Sri Lanka.[14] Ganesja, kalla Pillaiyar på tamil, er også svært folkekjær. Både Sjiva og Vishnu har òg svært mange dyrkarar. Bhakti-rørsla, som er kjernen til moderne sjaivisme og vaisjnavisme, hadde sitt opphav i Tamil Nadu på 900-talet og spreidde seg vidare over resten av India derfrå.

 
Gudsteneste i Chennai i Church of South India, eit samanslått anglikansk og protestantisk kyrkjesamfunn.
Foto: L. Vivian Richard

Kristendommen kom tidleg til Tamil Nadu. Ifølgje lokale legendar var det apostelen Thomas som døypte dei første tamilske kristne. Dei fleste tamilar i dag stammar frå folk som blei kristna av europeiske misjonærar under kolonitida. Islam kom til dei tamilske områda med handelsfolk frå Arabia og byrja å veksa etter at Sulthan Syed Ibrahim Shaheed, truleg ein etterkomarar av Muhammmad, flytta til sørlege Tamil Nadu.

Den viktigaste tamilske feiringa er taippongal, ein haustfest som vert feira i midten av januar av tamilar av alle religionar. Andre viktige festar er mellom anna den tamilske nyttårsdagen, thaippusam som merker fødselen til Murugan og monsunfesten adiperukku som er tilknytt Amman. Vanlege religiøse høgtider, som dipavali, ramadan og jol, blir òg feira.

På grunn av den sterke tamilske identiteten har Tamil Nadu ikkje hatt religiøse motsetjingar på same måte som mange andre delar av India. På Sri Lanka, til motsats, har det vore stor motsetjing mellom tamil-talande muslimar, som ikkje definerer seg sjølv som tamilar, og tamilar av andre religionar.

Biletkunst endre

 
Hindutempelet ved stranda i Mamallapuram blei bygd av tamilar for over tusen år sidan.

Dei fleste eldre overleverte kunstverka og mange tradisjonelle tamilske kunstformer er religiøse med utgangspunkt i hinduismen. Som mykje anna sørasiatisk kunst er ikkje føremålet med framstillingane realisme, men å framstilla idealiserte former og idear. Som regel framstiller biletkunsta hindugudar og forteljingar, men ho tek ofte i bruk religiøst stoff for å gje uttrykk for allmennmenneskelege tema.[15]

Det finst fleire gamle, store tempelkompleks med døme på utskjeringar, skulpturar og måleri, som verdsarvområdet Mamallapuram med byggverk og skulpturar frå rundt 700-talet. Tamilske tempel er ofte utført som kjempemessige skulpturverk, med eit høgt, dekorert tårn, gopuram, over det aller heilagaste og frå seinare tider også inngangsporten. Templa i Chidambaram og Srirangam har særskilt imponerande portar dekte med skulpturar og relieff frå hinduisk mytologi.[16]

 
Tsjolaskulptur av Nataradja, den dansande Sjiva.
Foto: Vassil

Tamilsk skulptur er kjend for stor detaljrikdom og grasiøse former, både med metall og stein som materiale. Bronseskulpturar i cire perdue-teknikk, som er blitt laga i fleire hundreår, med ei stordomstid under tsjolatida på 8-900-talet.[17] Ei typisk avbilding er «nataradja», Sjiva som konge av dans i ein sirkel av eld.

Også tamilsk målarkunst er ofte detaljert og elegant, med djupe fargar. Tanjoremåleri, ei form for måleri med pigment, halvedelsteinar, gull og sølv, er ein levande tradisjon som kan førast tilbake til Thanjavur (tidlegare Tanjore) på 1500-talet.[18]

Utøvande kunst endre

 
Frå ei framføring av karnatisk musikk i Australia.

Tamilsk musikk finst i ei klassisk sørindisk form, karnatisk musikk, som legg stor vekt på stemmen. Instrument blir brukt til å akkompagnera eller etterlikna song. Gamle tamilske verk som Cilappatikaram skildrar karnatiske ragaer,[19] medan ei pallavainnskrift frå 600-talet har eitt av dei eldste indiske døma på indisk musikknotasjon.[20] Moderne karnatisk musikk bygger på meloditypar (rāgam) og rytmetypar (thāḷam). Ulikt nordleg hindustanimusikk omfattar han nesten berre religiøse tema.

Medan karnatisk musikk er tilbakehalden og intellektuell er tamilsk folkemusikk ofte meir livleg og blir framført ved ulike høve, som bryllaup, nokre gravferder og ulike tilstellingar. Utbreidde former for folkemusikk er naattupurapaattu, ei balladeform, og villuppattu, forteljingar framførte saman med eit strengeinstrument. Begge typane musikk er blitt vidareførte i den populære tamilske filmmusikken, som også tek opp i seg element frå vestleg og nordindisk musikk. Viktige filmkomponistar er M.S. Viswanathan, Ilayaraaja og A.R. Rahman.

Tamilar har ei rekkje ulike dansetradisjonar. Bharatanatyam står i ei særstilling som ei av seks hovudformer for klassisk indisk dans. Dansen inneheld ei rekkje innvikla stillingar, gester og ansiktsuttrykk og går ofte ut på å fortelja ei hinduisk soge. Han blir framført til karnatisk akkompagnement i stiliserte klede, typisk av kvinnelege dansarar, i seinare tid også av mannlege.[21]

Folkedansar kan også vera religiøse, som karakattam ('krukkedans'), ein festivaldans utført for morgudinna Amman der dansaren ber ei dekorert krukke riskorn på hovudet og utfører hopp og krumspring utan at noko fell ut, mayilattam ('påfugldans'), der dansarane ber påfuglfjører rundt livet til ære for Murugan, og kavadiattam, ein dans for menn som ber ḱavadi-innretningar med offer for gudane på pilegrimsferd. Oyilattam ('vakker dans') er ein rekkedans der ein vifter med farga tøystykke og syng songar om mytologiske heltar. Kummi er ein sirkeldans akkompagnert av klapping som blir utført av kvinner ved særskilde høve, som pongalhøgtida. Kolaattam ('stokkedans') blir også berre dansa av kvinner som lager rytme ved hjelp av pinnar og tau som blir brukt til å forma mønster.[22]

Dansar og songar kan vera del av skodespel, som i kuravanci, som blir dansa og framført av fire til åtte kvinner, der ei av dei alltid opnar spelet som ei spåkvinne frå kurava-stammen. Therukoothu ('gateteater') er ei teaterform som blir framført på opne plassar i landsbyar med få hjelpemiddel. Skodespelarane tek i bruk song og dans, og kan snakka med eller erta tilskodarane. Teaterforma kan syna fram religiøse og sekulære spel, og er i nyare tid blitt brukt til å ta opp samfunnsproblem og spreia informasjon.[23] Tamil Nadu har også ein tradisjon for sceneteater som har teke til seg mykje av vestleg drama.

Tamilar har også utvikla ein viktig filmindustri, mykje av han frå det såkalla Kollywood i Chennai, som er den andre største filmindustrien i i India.[24] Tamilsk film følgjer gjerne det indiske mønsteret med kjærleikssoger krydra med song, dans og mangfaldige kostyme, men har gjerne noko meir realistiske og samfunnskritiske historier.[25] Filmstjerner nyt stor popularitet, og mange av dei har gått frå filmen til ei politisk karriere i Tamil Nadu.[26] Store noverande filmstjerner er Kamal Hasan og Rajnikant.

Kjelder endre

  1. M. B. Emeneau (Jan-March, 1956). «India as a lingustic Area». Language 32 (1): 5. doi:10.2307/410649. Henta 3. mai 2007. «Of the four literary Dravidian languages, Tamil has voluminous records dating back at least two millennia» 
  2. Indrapala, K The Evolution of an ethnic identity: The Tamils of Sri Lanka, p.155-156
  3. Southworth, Franklin C. (1998), «On the Origin of the word tamiz», International Journal of Dravidial Linguistics 27 (1): 129–132 , Zvelebil, Kamil V. (1992), Companion Studies to the history of Tamil literature, Leiden: E.J. Brill  at pp. x-xvi.
  4. Steever, Sanford (1987), «Review of Hellmar-Rajanayagam, Tamil als politisches Symbol», Journal of the American Oriental Society 107 (2): 355–356 , Abraham, Shinu (2003), «Chera, Chola, Pandya: Using archaeological evidence to identify the Tamil kingdoms of early historic South India», Asian Perspectives 42 (2): 207–223 
  5. Subrahmanian, N. (1981), An introduction to Tamil literature, Madras: Christian Literature Society 
  6. Subrahmanian og Parthasarathy, R. (1993), The Cilappatikaram of Ilanko Atikal: An Epic of South India, New York: Columbia University Press, ISBN 023107848X 
  7. Iravatham Mahadevan, Early Tamil Epigraphy: From the Earliest Times to the Sixth Century A.D., s. 48
  8. Indrapala, K The Evolution of an ethnic identity: The Tamils of Sri Lanka, ss. 214–215
  9. The Economist, «Exodus of misery» 30. april 2009.
  10. K.A. Nilakanta Sastri, Foreign Notices of South India, University of Madras, 1939 s. 46
  11. Figur frå SSB
  12. M. Shanmugam Pillai. «Murukan in Cankam Literature: Veriyattu Tribal Worship». First International Conference Seminar on Skanda-Murukan in Chennai, Dec. 28–30, 1998. Henta 6. desember 2006. 
  13. «Principles and Practice of Hindu Religion». Hindu Heritage Study Program. Henta 5. desember 2006. 
  14. PK Balachandran. «Tracing the Sri Lanka-Kerala link». Hindustan Times March 23, 2006. Arkivert frå originalen 10. desember 2006. Henta 5. desember 2006. 
  15. T.V. Mahalingam, Professor of Ancient History and Archaeology, University of Madras «Tamil Art & Architecture», Second International Conference Seminar of Tamil Studies, Chennai, Tamil Nadu, January 1968. Vitja 3. mai 2009. Coomaraswamy, A.K. (1946). Figures of Speech or Figures of Thought. London: Luzac & Co
  16. Pillai, Suresh B. (1976). Introduction to the study of temple art. Thanjavur: Equator and Meridian
  17. «Heaven sent: Michael Wood explores the art of the Chola dynasty» Arkivert 2007-03-03 ved Wayback Machine. ved royalacademy.org.uk, vitja 3. mai 2009
  18. Tanjore – Painting Arkivert 2006-11-27 ved Wayback Machine. ved tanjore.net, vitja 3. mai 2009
  19. Nijenhuis, Emmie te (1974), Indian Music: History and Structure, Leiden: Brill, ISBN 9004039783  ss. 4-5
  20. Widdess, D. R. (1979), «The Kudumiyamalai inscription: a source of early Indian music in notation», i Picken, Laurence, Musica Asiatica 2, London: Oxford University Press, s. 115–150 
  21. BHARATA NATYAM ved webonautics.com
  22. «Folk Dances Of Tamil Nadu» Arkivert 2006-11-14 ved Wayback Machine. ved travelmasti.com, vitja 3. mai 2009.
  23. «Tamil Art History». eelavar.com. Arkivert frå originalen 27. april 2006. Henta 5. desember 2006. ; «Striving hard to revive and refine ethnic dance form». hindu.com. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 5. desember 2006. 
  24. Etter Bollywood i Bombay. Tom Templeton, «The states they're in» i The Guardian, 26. november 2006.
  25. «Tamil cinema» ved bollywhat.com. Vitja 4. mai 2009.
  26. Dei tidlegare filmstjernene M. G. Ramachandran, J. Jayalalithaa og M. Karunanidhi har alle vore delstatsminister i Tamil Nadu.

Bakgrunnsstoff endre