Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tamil (fleirtyding).

Tamil (தமிழ் tamiḷ) er eit dravidisk språk som hovudsakleg blir tala av tamilar i Tamil Nadu og på Sri Lanka, med mange mindre tamiltalande samfunn i andre land. I 1996 var tamil det 18. mest tala språket i verda med over 74 millionar brukarar.

Tamil
(தமிழ்)
Klassifisering: Dravidiske språk

 Sørlege dravidiske språk
  Tamil-kodagu
   Tamil-malayalam
    Tamil

Bruk
Tala i: Sri Lanka, India
Område: Tamil Nadu i India, den nordlege delen av Sri Lanka
Tamiltalande i alt: ca. 74 millionar (1999)
Rangering: 18
Skriftsystem: Tamilsk skrift
Offisiell status
Offisielt språk i: India, Sri Lanka og Singapore
Normert av: Ymse akademi og Regjeringa i Tamil Nadu
Språkkodar
ISO 639-1: ta
ISO 639-2: tam
ISO 639-3: tam

Innhaldsliste

Offisiell statusEndra

Tamil er eit av 22 «nemnde språk» i India, og er offisielt i delstaten Tamil Nadu.

DialektarEndra

Avleidde språkEndra

Det sørindiske språket malayalam utvikla seg frå tamil mellom 800-talet og 1300-talet.

LydsystemEndra

Tamil har 12 vokalar og 18 konsonantar.

VokalarEndra

Tamil har eit vokalsystem med 5 korte og 5 lange vokalar, og 2 diftongar

KonsonantarEndra

FonologiEndra

GrammatikkEndra

Tamil er eit agglutinerande språk; ordformene består av stamme og suffiks.

OrdforrådEndra

GenussystemEndra

SkriftsystemEndra

 
«Tamil» skrive med tamilsk skrift. Den første bokstaven står for lyden «ta», den andre er ein kombinasjon av «m» og «i», og den siste lyden «l» (eigentleg «zh») har ein prikk over for å visa at han ikkje er følgd av ein vokal.

Tamil blir skrive med eit eige alfabet. Alfabetet, vatteluttu, er eitt av dei indiske alfabeta og stammar frå brahmi. Desse alfabeta er analytiske stavingsalfabet, dvs. at kvar glyff står for ei staving, slik at hovuddelen av glyffen står for ein konsonant, men der kvar vokal har sitt diakritiske teikn.

I Unicode har dei ulike indiske alfabeta kvar si side, slik at bokstavar med same uttale har same posisjon i kodetabellen. Blant tamilar har det vore motstand mot Unicode, til fordel for eit system der kvar stavingssymbol har ein kodeposisjon, men Unicode er no på frammarsj.

HistorieEndra

Indre språkhistorieEndra

Ytre språkhistorieEndra

Tamil er eit av dei få levande klassisk språka og har ein litteraturtradisjon som er over 2000 år gammal. Skriftspråket har endra seg lite på denne tida, og klassisk tamilsk litteratur vert derfor mykje lese og har stor vekt enno. Til dømes blir skoleelevar underviste i tamilske bokstavar med bruk av eit dikt som vart skrive i det 1. hundreåret.

Lingvistar klassifiserer tamilsk litteratur og språk i tre periodar — gammalperioden (200 f.Kr.700), mellomperioden (7001500) og den moderne perioden (frå 1500 til notida). I mellomperioden blei tamil påverka av sanskrit både i ordtilfanget og litterære former. I den moderne perioden har mange lånord blitt tekne vekk frå språket for å gjera det meir forståeleg for vanlege folk. Mange moderne forfattarar har også prøvd å bruka meir frå tradisjonane brukt i gammalperioden i verka sine.

BakgrunnsstoffEndra