67°48′28.6″N 15°59′6.7″E / 67.807944°N 15.985194°E / 67.807944; 15.985194

Kråkmo

Kråkmo er ei grend ved E6 i Sagelvdalføret i Hamarøy kommune i Nordland fylke, ved sørenden av Fjerdevatnet (Kråkmovatnet).

Historie endre

Staden vart rydda på midten av 1800-talet. Knut Hamsun skreiv mellom anna Segelfoss by og delar av Markens grøde her.[1]

Kråkmoranet den 6. september 1996 var ein væpna aksjon mot to ranarar der begge to vart pågripne; Politiet skaut ein av ranarane då han prøvde å flykte frå staden.[1]

Klima og næringsliv endre

Kråkmofjellet er spesielt vêrhardt, og trailerar står ofte fast om vinteren. På Kråkmo fall det i januar 1964 514 mm nedbør som er rekord for landsdelen.

Her er det vegkafé.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kråkmo» i Store norske leksikon, snl.no.. Vitja 2018-04-22

«Kråkmo» i Store norske leksikon, snl.no.