Kragerø Idrettsforening

Kragerø Idrettsforening er eit idrettslag hemeimhøyrande i Kragerø i Telemark. Idrettslaget vart stifta som Kragerø Turnforening 3. oktober 1881 og er aktivt med i fotball, friidrett, handball, ski og turn. Kragerø IF spelar i gule fargar med svarte bukser.

Soge endre

Kragerø IF har særleg utmerkt seg i handball for menn. Frå 1975 deltok laget i toppserien i over 30 sesongar. Laget spelte seg fram til tre NM-finalar; mot Urædd i 1986, Sandefjord i 1989 og Viking, alle finalane enda med Kragerø-tap. Simen Muffetangen er ein lengendarisk Kragerø-spelar frå denne tida, andre profilar var Lars Erik Bjørnsen, Bjarne Steen Jørgensen, Fredrik Brubakken og Sergej Demidov.

I friidrett vann Astrid Sjultangen åtte strake NM-gull i kulestøyting åra 1963-70. Elles har hekkeløparen Grete Gundersen, høgde- og lengdehopparen Birgitte Kristoffersen og kulestøytaren Aslaug Snøås vunne NM-medaljar som KIF-utøvarar.

Kjelder endre