Kransag

Kransag, eller bordsag, er ei sag, laga av eit breidt tynt stålblad, som vart bruka for å skjera bord og plankar av ein tømmerstokk. Stokken vart lagt på eit stillas, og ein mann sto oppe på stillaset (oppåsagaren) og drog saga oppover, medan ein annan stod under og drog saga nedover (undersagaren). Det var oppåsagaren som fungerte som bas. Den som sto under stillasjet fekk lett sagflis i augo, så det var nok ikkje så triveleg.

Kransag i bruk i Alaska på slutten av 1800-talet.

Ein veit ikkje når ein fyrst tok til å saga bord og plankar på denne måten, men eit veggmåleri i Pompeii syner at det må ha vore før år 79[1]; dette er rett nok ei grindsag, men arbeidsmåten er lik med den som vart nytta for dei breie kransagene. Det er kjend at ein over heile Europa saga bord og plankar på denne måten i mellomalderen[1]. Etter rundt 1950 har ikkje denne arbeidsmetoden vore i bruk i Europa, men i delar av Asia, Afrika og Amerika er dei framleis i bruk[1].

I Noreg var kransaga i bruk frå rundt 1600 til 1850. Dette heng nok saman med at jarnverka då vart i stand til å produsera tynne valsa stålsager[2]. Dei var soleis i bruk samstundes med oppgangssagene. Sidan oppgangssagene vart drivne med vasshjul laut dei plasserast ved elver. Kransaga derimot kunne plasserast overalt og vart nytta når ein trong nokre bord, til dømes til vøling av bygningar. Men det var tungt arbeid å saga bord og plankar på denne måten, så ho var ikkje brukbar for storproduksjon. Bruken dabba av frå midten av 1800-talet, men i fylgje Godal[3] var ho i bruk fram til rundt 1950. Ein film frå bygginga av Porjus kraftverk syner bruk av kransag[4].

GalleriEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Pays du Gier - Histoire des scieurs de long, Arcoma. (vitja 7. august 2021)
  2. B. Lund, Handsaga, Historie og kulturlandskap. (vitja 7. august 2021)
  3. J.B. Godal, Tre til båtar, Landbruksforlaget, 2001.
  4. Porjus - Vattenfall, YouTube, 2/9-2019.