Krasimir Balăkov

bulgarsk fotballspelar

Krasimir Gentsjev Balăkov (bulgarsk: Красимир Балъков, fødd 29. mars 1966) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar og seinare trenar. Han spelte på midtbanen hos fleire europeiske klubbar og på det bulgarske landslaget. Av klubbane hans kan nemnast Sporting CP i Portugal, VfB Stuttgart i Tyskland. Han er rekna som ein av dei beste spelarane for landet sitt nokonsinne, saman med Khristo Stoitsjkov.

Krasimir Balăkov
Personleg informasjon
Fullt namn Krasimir Guentsjev Balăkov
Fødd 29. mars 1966 (58 år)
Fødestad Veliko Tărnovo i Bulgaria
Høgd 176 cm
Posisjon Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982–1990
1991–1996
1996–2003
2005
Etar Veliko Tărnovo
Sporting
Stuttgart
VFC Pleven
142 (35)
138 (42)
236 (54)
1 (0)
Landslag
1988–2003 Bulgaria 92 (16)
Trenar for
2003–2005 Stuttgart (assistent)
2005 VFC Pleven (spelar-trenar)
2006–2007 Grasshopper
2007–2008 St. Gallen
2010–2012 PFC Tsjonoromets Burgas
Hajduk Split
2012 Kaiserslautern
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Landslagsspel

endre

Balăkov spelte i åra frå 1986 til 2003 heile 92 kampar for det bulgarske landslaget, og skåra 16 mål. Han deltok mellom anna for landet i VM i 1994 og VM i 1998. I fyrstnemnte turnering var han med om å føre laget til ein imponerande fjerdeplass, etter å mellom anna ha slått den regjerande verdsmeisteren Tyskland i kvartfinalen. Dessutan var han òg med i den bulgarske troppen i EM i 1996.

Kjelder

endre