Landkreis

(Omdirigert frå Kreis)

Ein Landkreis eller ein Kreis (i Nordrhein-Westfalen og Schleswig-Holstein) er etter tysk kommunalrett ei samanslutning av kommunar (Gemeinde) og samtidig eit offentleg føretak som forvaltar eit område (Gebietskörperschaft). Landkretsen forvaltar sitt område i samsvar med prinsippet om kommunalt sjølvstyre. Samanlikna med norsk forvaltning svarer Landkreis best til fylke eller fylkeskommune.

Administrative nivå i Tyskland

Alle kretsar og landkretsar i Tyskland er delt inn i kommunar (kreisangehörige Gemeinden). Talet på kommunar i ein krets varierer frå 6 til 235. Byar med meir enn 100 000 innbyggjarar (i somme forbundsland òg mindre byar) er i dei fleste forbundsland kretsfrie (kreisfreie Städte), det vil seie at dei ikkje høyrer inn under nokon krets.

Kva for offentlege oppgåver kretsane har, kan variere. Bustadbygging, vegar (Kreisstraßen), helsevesen, katastrofeberedskap, mattilsyn, avfallshandsaming, kollektivtransport og sosialhjelp er oppgåver som til vanleg ligg til kretsen. I tillegg til å yte tenester på vegne av kommunane fungerer kretsen òg som staten sin forlenga arm i distrikta og fører tilsyn med kommunane. Enkelte kretsar er fullkommunalisert, det vil sei at det statlege overoppsynet er overdratt kretsen. Kretsen finansierar si verksemd ved å krevje ein avgift (Kreisumlage) av kommunane.

Administrasjon og politisk leiing av kretsen er lagt til ein Kreisstadt. Her har den politisk valde Kreistag sitt sete, vald for fem år (i Bayern seks). Dette vert leia av ein Landrat.

Ordet Kreis går tilbake til det tsjekkiske ordet kraj («land»). Tidleg på 1800-talet prøvde den prøyssiske statsmannen Freiherr vom Stein å innføre ei form for lokalt styre òg i landdistrikta. Først mot slutten av hundreåret vart forslaget realisert, og dei første kretsordningane innført i dei prøyssiske provinsane Westfalen (1886) og Rheinprovinz (1887).

Alle Tyskland sine 295 landkretsar er tilslutta forbundet Deutscher Landkreistag.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre