Kremmarhus, kremmartut, spisspose, strut og så vidare er ein kjeglefoma pose eller eit spist, tutforma beger som vanlegvis er laga av papir og rulla eller lima saman. Dei er tradisjonelt blitt brukt av kremmarar og andre handelsfolk til å pakka små mengder krydder, godteri og andre varer i.

Ulike typar bretta og lima kremmarhus og papirposar.

Ordet kjem frå det mellomnedertyske Kremerhus og danske Kræmmerhus som i gamle dagar òg kunne brukast om butikken til ein kremmar.[1]

Variantar endre

Kremmerhus er lette og rimelege å laga. Opninga øvst kan lukkast ved å brettast ned eller knyttast igjen med ei snor. Dei passar som behaldarar for eller innpakning av ulike typar varer. Det finst difor mange variantar, til dømes spisse plastposar av blank, gjennomsiktig cellofan slik at innhaldet synest, kjegleforma juletrekorger og dekorative papirstrutar fylt med luktande lavendel. Is kan serverast i kremmarhusforma kjeks eller krumkakeliknande bakverk som er lett å halda i handa. Tradisjonelle overflodshorn kan òg minna om kremmerhus.

I Danmark er pynta kremmarhus vanlege å ha på juletre som pynt. Slike kremmarhus kan vera heimelaga og dekorert på ulike måtar. Det er pålimt ein hank og kan fyllast med nøtter eller godteri.

I deler av Tyskland har det frå 1800-talet vore tradisjon med Schultüte eller Zuckertüte, ein stor, konisk, dekorert «skulepose» eller «sukkerpose» fylt med godteri, småleiker eller skulesaker som barn kan få med seg til fyrste skuledag.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre