Schultüte (tysk for 'skulekremmarhus' eller 'skulepose') er eit kremmarhus fylt med sukkertøy eller anna som barn i tysktalande område tradisjonelt får med seg til skulen på fyrste skuledag.

Gut med Schultüte på 1930-talet
Gut med Schultüte i 2005

Tradisjonen er kjend frå byrjinga av 1800-talet i Sachsen og Thüringen, men har seinare spreidd seg til heile det tysktalande området.

Opphavleg leverte foreldra barna sine Schultüte til skulen. Barna fekk beskjed om at det voks eit tre med Schultüten heime hjå læraren, og når desse var store nok, var det på tide å byrja på skulen.

I dag legg ein mange stader òg leiketøy og skulesaker i posane.

Skulekremmarhus er òg kjendet frå dei danske skulane i Sydslesvig.[1]

Kjelder endre

  1. Fokus: Første skoledag[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Schultüte