Krenelering
Krenelering (av fransk créneler, ‘forsyne med takkar’) er ei spesiell utforming av den øvre delen av ein mur.[1] Det er eit brystvern på ei borg eller ein bymur som har regelmessige mellomrom som skyteskår. Kreneleringa er ofte laga samtidig som ein bygger bygningen, men kan òg byggjast til på festningar, herregardar eller slott. Kreneleringa har ein verna gang bakom der forsvararane kan ferdast. Medan krenelering opphavleg hadde ein viktig forsvarfunksjon, er det i seinare byggverk blitt nytta som dekorasjon i romantisk arkitektur.[2].
-
Kreneleringar på Den store muren i Kina.
-
Tårn med kreneleringar i Cahors i Lot i Frankrike.
-
Krenelering ved Olsatorbrücke i Stadt Friesach i Kärnten i Austerrike.
-
Brystvern med krenelert mur ved Castello di Soave i provinsen Verona i Veneto i Italia.
-
Dekorativt krenelering i Korsun-Sjevtsjenkivskyj i Tsjerkasy oblast i Ukraina.
Kjelder
endre- ↑ Lueger, Otto (1910): «Zinne», Lexikon der gesamten Technik und ihrer Hilfswissenschaften, bind 8 Stuttgart, Leipzig, s. 1003-1004.
- ↑ Jan Torsten Ahlstrand. «krenelering». Nationalencyklopedin. Henta 21. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Krenelering» frå Wikipedia på dansk, «Krenelering» frå Wikipedia på bokmål og «Krenelering» frå Wikipedia på svensk, den 9. januar 2024.