Provinsen Verona

Provinsen Verona (italiensk Provincia di Verona) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Verona. Han har eit areal på 3 109 km² og totalt 860 796 innbyggjarar (2004).

Verona
provins
Poppys and vines - Flickr - gailhampshire.jpg
Vinranker og valmuar i Verona
Symbol
Land Flag of Italy.svg Italia
Region Veneto
Hovudstad Verona
Areal 3 109 km²
Folketal 860 796 (2004)
Postnummer 37010-37069
Retningsnummer 04, 045, 0442

Provinsen Verona
45°26′ N 10°59′ E
Verona posizione.png
Wikimedia Commons: Province of Verona
Kart over provinsen Verona

Provinsen grensar mot provinsen Trento i nord, Vicenza og Padova i aust, Rovigo i sør og Mantova og Brescia i sør og vest.

Det er 98 kommunar i provinsen.Dei viktigaste kommunane er mellom anna Bovolone, Bonavigo, Bussolengo, Cerea, Legnago, Negrar, Peschiera del Garda, San Bonifacio, San Giovanni Lupatoto, San Martino Buon Albergo, Soave, Sona og Villafranca di Verona.[1]

Byen Verona er ein verdsarvstad.[2] Byen er mellom anna kjend frå Romeo and Juliet av Shakespeare, med Casa di Giulietta (huset til Juliet med ein balkong som er viktig i stykket) er eit viktig turistmål.[2] Gardasjøen er også eit kjent turistmål i provinsen. Provinsen har elles fleire slott, tårn, kloster og andre gamle bygningar. Valpolicella er kjend for vinane sine. Den største naturlege brua i Europa, Ponte di Veja, ligg også i Verona. Norddelen av provinsen er åslendt med fleire elvar, mellom anna Tartaro, Caslagnaro og Adige.[3]

Største kommunarEndra

Per 31. desember 2008)

Kommune Folketal
Verona 265 368
Villafranca di Verona 32 408
Legnago 25 488
San Giovanni Lupatoto 23 485
San Bonifacio 19 943
Bussolengo 19 439
Negrar 17 128
Sona 16 856
Cerea 16 201
Pescantina 15 859
Bovolone 15 538

KjelderEndra

  1. «Banca Dati Provincia Verona» (på italiensk). Unione delle Province d‘Italia. Arkivert frå originalen 28 April 2014. Henta 18 September 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Verona, Veneto». Italia. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. Henta 18. september 2014. 
  3. The Penny Cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge. 1843. s. 268. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Verona