Kreti og pleti er eit uttrykk som tilsvarar uttrykkjet «kven som helst». Opphavet til uttrykkjet har ein frå Bibelen der Kong David byggjer ut og ekspanderer kongedømmet Israel. I eit lite stammesamfunn kunne det lett oppstå intrigar og interne konfliktar, og difor hyra han inn kretarar og filistarar som profesjonelle soldatar i livvakta si, eller «Cherethi et Felethi» som det står i Vulgata-omsetjinga av 2 Sam 8,18.

I King James-omsetjinga av Bibelen er «the Cherethites and the Pelethites» å finne i 2. Samuelsbok 8,18, 15,18, 20,7 og 20,23, 1. Kongebok 1,38 og 1,44 og 1. Krønikebok 18,17.

Uttrykket er omsett på ein annan måte i norske bibelomsetjingar[1] [2].

Referansar endre

  1. 2. Sam. 8,18
  2. King James Versjon og Vulgata i MF sin Bibeldatabase[daud lenkje]