Kreuzberg
Kreuzberg er eit fjell i fjellkjeda Rhön i Bayern i Tyskland. Det har ei høgd på 928 meter over havet og vert kalla «det heilage fjellet i Franken» og ligg ved byen Bischofsheim an der Rhön i landkreis Rhön-Grabfeld.
Kreuzberg | |||
fjell | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Område | Bayern | ||
Fjellkjede | Rhön | ||
Høgd | 928 moh. | ||
Koordinatar | 50°22′15″N 9°58′06″E / 50.37083°N 9.96833°E | ||
Kreuzberg 50°22′12″N 9°58′48″E / 50.3701°N 9.9801°E | |||
Wikimedia Commons: Kreuzberg (Rhön) |
Kreuzberg trekkjer til seg mange turistar, som kjem her for både turgåing om sommaren og skikøyring om vinteren. Tre skiheisar tar skituristar til toppen av fjellet på nordsida av fjellet. I tillegg er det ein kjelkebane på Kreuzberg.
Ein av hovudattraksjonane på fjellet er klosteret som ligg på toppen, og pilegrimar kjem til klosterkyrkja her. Klosteret er kjend for ølet som vart bryggja her fram til 1985. Munkane serverer framleis øl, men i dag vert det bryggja i eit bryggjeri i Bischofsheim.
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kreuzberg (Rhön) frå Engelsk Wikipedia .