Øl
- Sjå òg varme
Øl er eit samleomgrep på alkoholhaldige drikkar brygga på korn. Øl er kjent frå oldtida og det første ølet vart truleg brygga for meir enn seks tusen år sidan. Også i Noreg har øl ein lang tradisjon. Gulatingslova hadde reglar med strenge straffer for dei som ikkje følgde reglane for ølbrygging, ettersom rituell brygging og drikking av øl hadde ei religiøs meining. Til dømes skulle joleølet drikkast til takk til Kristus og Maria for godt år og fred. I fylgje lova kunne ein bonde verte fråteken gard og grunn om han ikkje hadde brygga øl dei siste tre åra. Som regel vart då halvparten av eigendommen overført til kongen og andre halvparten til biskopen.
I eldre tid vart norsk øl laga av bygg eller havre og tilsett til dømes bark for å gi smak til brygget. Humle, frukta frå planta humle (Humulus lupulus), ei fleirårig slyngplante som høyrer til hampfamilien, vart ein del av oppskrifta på 1100-talet, og i dag er det rundt 40 sorter humle som vert brukt til ølbrygging.
Norsk øl vert i dag vanlegvis brygga av malt av bygg krydra med humle. Somme ølslag vert laga av kveite. Nokon ølsortar bruker andre eller fleire tilsettingar enn humle.
I Noreg har vi tradisjon for lokale bryggeri, sjølv om større selskap i stor grad har teke over. Det største norske bryggeriet er i dag Ringnes, som danske Carlsberg eig, og som har overteke fleire tidlegare sjølvstendige norske bryggeri og sentralisert produksjonen. Andre store bryggeri er Hansa og Aass. Mesteparten av ølet som vert seld i Noreg er pilsnerøl brygga i Noreg.
Reinleikslova
endreI 135 år var norsk ølbrygging underlagt «Renhetsloven» av 12. oktober 1857. Den norske lova bygde på det tyske «Reinheitsgebot» frå 1516. Begge desse lovene seier at ein ikkje må nytte andre råstoff til framstilling av øl enn dei klassiske: Malt, humle, vatn og gjær. Den norske lova vart bekrefta i «Lov om tilvirkning, innførsel og beskatning av øl» av 1912. I 1987 vart reinheitslova oppheva i Tyskland og i 1994 i Noreg, men framleis (2005) bryggar dei fleste norske bryggeria ølet sitt berre på dei fire klassiske ingrediensane. Somme har teke i bruk billegare ingrediensar som ris, mais eller sukker som erstatning for noko av maltet.