Kreuzlingen er ein by og ein kommune i distriktet Kreuzlingen i kantonen Thurgau nordaust i Sveits. Kommunen har 18 933 innbyggjarar (2009) og eit areal på 11,5 km². Kommunesenteret ligg 397 meter over havet.

Kreuzlingen
Kommunevåpenet til Kreuzlingen
Kommunevåpenet til Kreuzlingen


Plassering
Kreuzlingen is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Thurgau
Distrikt Kreuzlingen
Språk tysk
Borgarmeister Andreas Netzle
Geografi
Flatevidd
 - kommune

11,5 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2009)
   - folketettleik

18 933
  1 646,3 /km²
Koordinatar 47°38′0″N 9°10′0″E / 47.63333°N 9.16667°E / 47.63333; 9.16667
Høgd over havet 397 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 8280
Nettstad: www.kreuzlingen.ch

Han er administrasjonsstad for distriktet og den nest største byen i kantonen etter Frauenfeld. I lag med den nærliggande byen Konstanz like over grensa til Tyskland, er Kreuzlingen ein del av det største byområdet ved Bodensjøen med totalt nesten 120 000 innbyggjarar. Kreuzlingen er den største sveitsiske byen ved Bodensjøen. Byen heitte fram til 1874 for Egelshofen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre