Thurgau
Thurgau Tysk: Thurgau Fransk: Thurgovie Italiensk: Turgovia Retroromansk: Turgovia | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Frauenfeld |
Folketal | 244 330 (2010) |
Areal | 991,02 km² |
Folketettleik | 247/km² |
Forkorting | TG |
Kanton sidan | 1803 |
Høgaste topp | Hohgrat (991 moh) |
Thurgau er ein kanton nordaust i Sveits. Kantonen grensar til Tyskland og Bodensjøen i nord, og til kantonane Schaffhausen, Zürich og St. Gallen. Thurgau har eit areal på 991 km2 og hadde 244 330 innbyggarar i 2009. Frauenfeld er hovudstad i kantonen.
Geografi Endra


Kantonen grensar i nord mot den tyske delstaten Baden-Württemberg og kantonen Schaffhausen. Høgste punktet i kantonen er 991 meter over havet og ligg i kommunen Fischingen, lengst sør i Thurgau. Kantonen har namn etter elva Thur som kryssar området frå søraust til nordvest, og som renn vidare ut i Rhinen i kantonen Zürich. 61,0% av det flatevidda er landbruksareal.
Språk og religion Endra
Tysk er dominerande talemål i Thurgau, den lokale dialekten høyrer til høgalemannisk. 45,1% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 35,6 soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar Endra
Thurgau er frå 2011 delt opp i fem distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 80 kommunar. Dei fem distrikta er Arbon, Frauenfeld, Kreuzlingen, Münchwilen og Weinfelden. Til 2010 var Thurgau delt i åtte distrikt.
Historie Endra
Frå 1460 var Thurgau eit landområde (Gemeine Herrschaft) underlagt dei sveitsiske kantonane Glarus, Luzern, Schwyz, Unterwalden, Uri, Zug og Zürich.
Thurgau vart eigen kanton i 1798. Han gjekk då med i den kortliva republikken Helvetia. Sidan 1803 har Thurgau vore med i Det sveitsiske eidssambandet, på lik linje med dei fleste andre kantonane.

Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Thurgau» frå Wikipedia på tysk, den 8. august 2011.
Bakgrunnsstoff Endra
Originaltekst av Thurgau ved Wikisource. |