Krigsobligasjon
Ein krigsobligasjon er eit gjeldsbrev gjeve ut av staten for å dekkja militære tiltak i krigstid. Kaup av desse vart gjerne oppnått ved å nytta innbyggjarane sin fedrelandskjærleik som eit verkemiddel, då slike obligasjonar gav attende ei lågare rente enn marknadsrenta. Ein stridsobligasjon er i det store og heile eit lån til styresmaktene frå eit land sine innbyggjarar.[1]

Representantar frå kvinnegreina av United States Navy Reserve sel krigsobligasjonar frå ei salsbod forma som ein kinaputt for å finansiere bygginga av torpedobåtar. Cirka 1942-1945.