Torpedobåt er eit hurtiggåande, lite krigsfartøy som fører torpedovåpen og har framdriftsmaskineri drive med damp. Dei første dampkjelane i torpodobåtar var kolfyrte. Seinare vart dei oljefyrte. Torpedovåpenet vart utvikla frå slutten av 1860-talet og utviklinga av våpenet og båtane skjedde parallelt frå dette tidspunktet og fram mot andre verdskrigen. Då overtok torpedobåtar drivne med bensin- og dieselmotorar. Desse båtane fekk nemninga motortorpedobåtar (MTB).

Torpedobåtar av 1. klasse i Kiel, 1900.

Norske torpedobåtar endre

Den første norske torpedobåten endre

Noreg fekk sin første torpedobåt levert frå Thorneycroft i England i 1873. Han fekk namnet «Rap». Båten var 18 meter lang og hadde ein toppfart på 15 knop, noko som var særs raskt den gongen. Opphavleg førte «Rap» slepetorpedoar, kjent som harveytorpedoar etter oppfinnaren. I 1879 vart båten oppgradert og fekk utskytningsramper for sjølvrørlege torpedoar. «Rap» vart skaffa og utvikla under leiing av kapteinløytnant, seinare kontreadmiral, Johan Koren som òg leidde oppbygginga av den nye torpedoavdelinga. «Rap» er i dag utstilt på Marinemuseet i Horten.

Bygging av den første torpedobåtflåten endre

Torpedobåtane var rimelege, hadde stor slagkraft og vart sett på som svært eigna til forsvar av den norske kysten. Båttypen fekk difor ein sentral plass i det norske sjøforsvaret.

Ein serie torpedobåtar vart bygde for den norske marinen frå 1883 og framover mot hundreårsskiftet. Båtane i den første serien hadde eit deplasement på rundt 40 tonn. Detta vart gradvis auka, og dei siste båtane av denne typen, som vart kalla «2. klasse», bygd omkring 1900, hadde eit deplasement på 75 tonn.

Båtane hadde eitt eller to fastmonterte torpedorøyr i baugen. Dei som hadde eitt torpedorøyr, var utstyrt med ein torpedokanon i tillegg. Toppfarten låg på frå 18 til 25 knop. Torpedorøyret gav båtane ein karakteristisk utsjånad og båttypen vart populært kalla «sigar».

Det vart òg bygd om lag ti båtar av ein litt større type, kalla «1. klasse». Båtane av «1. klasse» hadde eit deplasement på vel 100 tonn. Dei va utstyrte med 2 torpedokanonar, men hadde ikkje baugrøyr. Òg desse fartøya hadde ein toppfart på 18-25 knop.

I tillegg til båtane av 1. og 2. klasse, vart det utvikla ein liten fjord- og hamnetorpedobåt kalla «Myg». Han hadde eit deplasement på 25 tonn og toppfart på 17 knop. Denne båten, som var tenkt å leggja grunnlaget for ei ny klasse torpedobåtar, var derimot så lite tilfredsstillande at han berre etter få år vart utrangert og brukt som øvingsmål for panserskipa.

Frå 1895 til 1905 vart bygginga intensivert og ved unionoppløysinga hadde Noreg ein samla flåte på 32 torpedobåtar.

I 1906 vedtok Stortinget ei lov som forbaud utlendingar å fiska i norsk territorium. I byrjinga var det stort sett torpedobåtane som dreiv fiskerioppsyn, sjølv om dette ikkje var ei oppgåve dei var designa for.

I tida frå unionoppløysinga til utbrotet av første verdskrigen vart det skaffa tre nye torpedobåtar. Dei øvrige var då frå 10 til 30 år gamle.

Nøytralitetsvakt – 1914-1918 endre

Under første verdskrigen var den viktigaste oppgåva til torpedobåtane å delta i nøytralitetsvakt. Noreg hadde på denne tida tremils sjøgrense. Båtane var langt rimelegare i drift og var mindre mannskapskrevjande enn dei store panserskipa. Kol var dessutan mangelvare under krigen.

Torpedobåtane eskorterte skip i leia og var følgjeskip for konvoiar inn og ut av norsk farvatn. Torpedobåtane måtte òg opptre som væpna makt om nøytraliteten vart krenkt og desarmera eller sprenga miner som vart observerte i norsk farvatn. Torpedobåtane deltok òg i redningsteneste når skip var torpederte eller minesprengte eller var i havsnød av andre grunnar.

Vakttenesta var krevjande og slitsam. Innreiing og utstyr ombord var avgrensa og komforten minimal. Båtane var tronge, ventilasjonen dårleg og kulda var påtrengande vinterstid.

Mellomkrigstid endre

Tretten av dei eldste torpedobåtane vart utrangerte i 1920, medan tre større torpedobåtar vart tilførte i åra 1919, 1920 og 1921. Desse torpedobåtane, («Trygg», «Snøgg», «Stegg»), hadde eit deplasement på 260 tonn. Ikkje berre storleiken, men òg skrogforma skilde dei nye båtane frå dei eldre, delvis utrangerte. Dampkjelane var oljefyrte og toppfarten var 25 knop. Båtane deltok i fiskerioppsyn i mellomkrigstida.

Nøytralitetsvakt 1939-1940 endre

I første fase av andre verdskrigen, 1939 og 1940, etablerte Noreg på nytt nøytralitetsvakt og torpedobåtane gjekk igjen inn i denne tenesta. I tillegg til dei tre nyaste fartøya, vart 14 av dei gamle torpedobåtane utrusta. Ni av dei eldste fartøya vart brukt som vaktfartøy. Dei hadde ikkje torpedoar lengjer, men enkelte av dei var utstyrte for minesveiping. Den eldste båten som deltok hadde namnet «Kjell» og var ein båt av «2. klasse», ein såkalla «sigar», bygd i 1912.

Trass i mange nøytralitetskrenkingar kom det aldri til kamp i denne fasen. Dette kom av at nøytralitetsvakta hadde ståande ordre om ikkje å gå til kamp mot ei større overmakt og det skulle ikkje stort oppbod av fremjande styrkar til før dei små og gamle norske båtane var underlegne. Den meste kjende episoden kor norske torpedobåtar spelte den pålagde, passive rolla, er truleg «Altmarkaffæren» i Jøssingfjord.

Krigsutbrot 1940 endre

Under åtaket på Noreg i 1940 var dei tre nyaste torpedobåtane frå 1919-1921 Noregs mest moderne. «Stegg» sokk i kamp i april 1940. «Trygg» og «Snøgg» vart teke av tyske styrkar og vart sett i tysk teneste som «Vorpostenboote» med namna «Zick» og «Zack». Òg «Kjell» vart teke av tyskarane og brukt som patruljebåt med namnet «Grenadier».

Det var lite marinen og torpedobåtane fekk utretta i aprildagane i 1940. «Storm» avfyrde som einaste båt ein torpedo om morgonen den 9. aprilen 1940 i nærleiken av Bergen. Torpedoen traff truleg målet sitt, men eksploderte ikkje.

Torpedobåten «Sæl» kom i kamp med tre tyske motortorpedobåtar i Hardangerfjorden. Den gamle, norske dampbåten var heilt underlegen i fart og kom ikkje i skotposisjon. Eld frå 37 mm kanonane påførte ein av dei tre tyske båtane skader, men «Sæl» vart relativt raskt sett ut av spel. Besetninga redda seg i land, sju av dei såra.

Dei tyske motortorpedobåtane «Sæl» kom i kamp med, var nyare fartøy med ein toppfart på bortimot 40 knop. Dei hadde langt betre manøvreringseigenskapar og var utstyrt med automatkanonar.

Marinestyrkar i England fekk overlevert dei første, norske motortorpedobåtane i mai 1940.

Kjelder endre