Kriksholmen
62°17′30″N 05°47′09″E / 62.29167°N 5.78583°E
Kriksholmen | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Høgaste punkt | 17 moh. | ||
Folketal | 0 | ||
Kriksholmen 62°17′31″N 5°47′09″E / 62.29198°N 5.78594°E |
Kriksholmen, Krigsholmen eller Kristofferholmen er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal, mellom Gurskøya og Hareidlandet. Holmen er veglaus og utan fast busetjing.
Kriksholmen var busett på midten av 1600-talet, men folketom då det vart opna ein handelsstad der på midten av 1700-talet. Ved folketeljinga i 1800 budde fem personar på holmen.[1] Han vart fråflytta på 1820-talet.
Sidan 1988 har holmen vore del av Stokksund-Blikkvågane dyrefredningsområde.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1800 for Herøy herred, frå Digitalarkivet
- Bjarne Rabben, Herøyboka. Gardar og folk III, Herøy sogelag, 1963