Herøy kommune i Møre og Romsdal

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Herøy i Møre og Romsdal)

Herøy kommune er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og LeikongGurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Volda kommune. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet. Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyværing.

Herøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Fosnavåg
Areal 120 km²
 •  land 118 km²
 •  vatn km²
Folketal 8 968  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Tine Storøy (H)
Kommunenr. 1515
Kart
Herøy kommune
62°21′20″N 5°32′40″E / 62.355555555556°N 5.5444444444444°E / 62.355555555556; 5.5444444444444
Kart som viser Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Kart som viser Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Kart som viser Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Wikimedia Commons: Herøy, Møre og Romsdal
Nettstad: www.heroy.kommune.no

Herøy har 8 353 innbyggjarar (2008). Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus.

Geografi

endre

Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyter saman alle øyane med busetnad. Han omfattar nordaustdelen av Gurskøya, som utgjer over halvparten av flatevidda til kommunen (68,5 km²) og øygruppa Sørøyane med mellom anna Leinøya (14,4 km²) og Bergsøya (7,6 km²). Andre mindre øyar er Nerlandsøya (14,6 km²), Skorpa (2,8 km²), Remøya (3,6 km²) og Herøya (0,2 km²).[1]

Øya Runde (6,2 km²) er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl. På Runde ligg Runde Miljøsenter som er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar.

Hurtigruta har TorvikLeinøya som ein av dei faste stoppestadane.

Kultur og idrett

endre

Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.

I Herøy er det tre kyrkjesokn Herøy, Indre Herøy og Leikanger, ei frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.

Kyrkja har òg har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytt opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og i 1974 Tjørvåg IL. Bortimot 10 % av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.

I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogeleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innandørsidrett. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar. I oktober 2014 vart Fosnavåg Konserthus opna.

I Fosnavåg vert det arrangert Maritim Sommarfestival, Makrellfestival og Pirfestival.

Forsking

endre

Runde Miljøsenter

endre
 
Runde Miljøsenter, Foto Knut Werner Alsén
 
Runde fyr
 
Rundebrua
 
Nerlandsøybrua

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret husar òg ei fugleutstilling og ei utstilling av gull- og sølvmyntar og andre gjenstandar frå Akerendamforliset. Sidan staden ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvenleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vassparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. I Miljøsenteret er det offentleg toalett.

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for Herøy kommune frå 1900:

1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3501a 4533a 5022a 5912a 6408a 7533a 7784 7996 8142 8359 8383

a Dette talet omfattar gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen, som vart overført frå Herøy kommune til Sande kommune i 1964. Dette området hadde då 25 innbyggjarar. Talet omfattar òg Eiksund krins med øya Eika, som vart overført til Ulstein kommune i 1964. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kjende personar frå Herøy

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Stokkan, John; Thorsnæs, Geir (9. september 2020). «Herøy – Sunnmøre». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Herøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

endre