Krimtatarar

Krimtatarar er ei tyrkisk-etnisk folkegruppe frå Krimhalvøya. Ho blei danna frå 1200- til 1600-talet då kumanar, som hadde kome til Krim på 900-talet, gradvis sameinte seg med andre folkeslag som allereie budde der, som grekarar, italienarar og gotarar. Desse gjekk gjennom ei tatarisering.[1] Frå 1300-talet var krimtatarane muslimar. Språket deira er krimtatarisk, men etter undertrykkinga av krimtatarar i Sovjetunionen er språket blitt sterkt truga.[2]

Flagget til krimtatarane
Prosent krimtatarar etter region på Krim ifølgje den sovjetiske folketeljinga av 1939
Prosent krimtatarar etter region på Krim ifølgje den ukrainske folketeljinga av 2001

Krim-khanatet styrte Krim frå 1441 til 1783, fram til Russland erobra halvøya under Katarina den store. Krimtatarar var den største folkegruppa på halvøya til slutten av 1800-talet.[3][4] I Sovjetunionen hadde krimtatarane sin eigen sovjetrepublikk.[5] Kort tid etter at aksemaktene tok tilbake Krim under andre verdskrigen, i mai 1944, deporterte sovjetiske styresmakter store delar av krimtatarane frå Krim, medrekna folk som hadde tent i den sovjetiske hæren. Tatarane blei sende med jernbane til Sentral-Asia, hovudsakleg til Usbekistan. 18-46 prosent av krimtatarane forsvann frå Krim på grunn av deportasjonane.[6] Frå 1967 fekk nokre få krimtatatar løyve til å venda tilbake, og i 1989 fordømte det øvste sovjetet den etniske reinsinga av krimtatarar frå heimlandet. Alle krimtatarar fekk no rett til å venda tilbake.

I 2008 utgjorde krimtatarane 250 000 av dei om lag to millioner innbyggjarane på Krim. 150 000 budde framleis i eksil i Sentral-Asia, hovudsakleg i Usbekistan.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Krimtatarar
Litteratur
  • Brian Glyn Williams: «The Hidden Ethnic Cleansing of Muslims in the Soviet Union: The Exile and Repatriation of the Crimean Tatars», i Journal of Contemporary History, Bd. 37, nr 3, juli, 2002 ISSN 0022-0094 s. 323–347
  • Norman M. Naimark: «Flammender Haß. Ethnische Säuberungen im 20. Jahrhundert», i Fischer: Die Zeit des Nationalsozialismus 17890, Fischer-Taschenbuch-Verlag, Frankfurt am Main, 2008, ISBN 978-3-596-17890-2
  • Greta Lynn Uehling: Beyond Memory. The Crimean Tatars' Deportation and Return, Palgrave Macmillan, New York NY, 2004, ISBN 1-403-96264-2
  • V. Stanley Vardys: «The Case of the Crimean Tartars», i Russian Review, Bd. 30, nr 2, april, 1971, ISSN 0036-0341, s 101–110