Kringsjå i Laksevåg
60°23′21.044″N 5°17′5.6256″E / 60.38917889°N 5.284896000°E
Kringsjå er eit bustad- og næringsområde på Laksevågneset i Laksevåg bydel i Bergen, ved nordenden av Damsgårdsfjellet, nord for Damsgård og aust for Nygård. Opphavleg låg dei tre gardane Holen, Laksevåg og Laksevågsneset i dette området. Frå området er det særs godt utsyn over Bergen sentrum og Byfjorden.
Kringsjå har eit samla areal på 0,53 km² og 1 og det budde 632 personar i området 1. januar 2014, som for det meste er eit tettbygd bustadsområde. Men det er òg store og gamle industriareal langs Puddefjorden i aust. Holen skole og forretningsenteret Laksevåg senter ligg i området.
Kringsjå femner om skulekrinsane Kringsjå og Laksevågsneset. Hovudvegen gjennom området heiter Kringsjåveien.