Puddefjorden
Puddefjorden er ein del av Byfjorden ved sentrum av Bergen. Fjorden ligg mellom Nordnes og Laksevåg og strekker seg 2 km søraustover til Solheimsviken. Innanfor Solheimsviken ligg pollen Store Lungegårdsvannet og lengda heilt inn til botn av pollen er 4,5 km.
Ved Nordnes ligg hamneområdet Nøstet og Dokken som mellom anna er den sørlege endestasjon til Hurtigruta. Ved inngangen til Solheimsviken ligg Damsgårdssundet, og over her går Puddefjordsbrua langs riksveg 555. Brua har seks felt, tre kvar veg, og er 461 meter lang. Sjølve sundet er derimot berre 130 meter breitt. I andre enden av Solheimsviken går Nygårdsbrua over sundet og markerer innløpet til Store Lungegårdsvannet.