Kringsjaa

norsk tidsskrift 1893–1910

Kringsjaa var eit tidsskrift som kom ut annakvar veke i perioden 18931910. Det blei utgjeve ved Olaf Norlis forlag i Kristiania (Oslo). Bladet kom som hefter med om lag 80-100 sider og var basert på tinging. Forlaget tilbaud tingarane å få bunde hefta inn i band på om lag 10 hefter i kvart.

Kringsjaa

Avfotografert framsideblad frå Kringsjaa 3. februar 1894
Typetidsskrift
Oppretta1893
GrunnleggjarHans Tambs Lyche, Olaf Huseby
Nedlagd1910

Tidsskriftet blei grunnlagt i 1893 av Hans Tambs Lyche (1859-1898), ein unitarisk prest som var heimvend frå Amerika. Det var også Lyche som redigerte det fram til 1898. Redaktør frå 1898 til 1907 var Christopher Brinchmann og deretter Alf Otto, Vilhelm Krag og Alf Harbitz 1907-1910. I 1910 blei Kringsjaa kjøpt av forfattaren og nynorskforkjemparen Marta Steinsvik, som hadde vore sekretær i tidsskriftet sidan 1895. Ho ønskte å føre nynorsk inn i Kringsjaa saman med det dansk-norske målet som fram til da hadde vore herskande. Det synte seg likevel at det ikkje var god nok økonomi til å drive bladet vidare, og det gjekk såleis inn same året.

Innhaldet i Kringsjaa var spreidd over eit vidt spekter. Her fann ein artiklar av populærvitskapleg karakter, politikk, kultur, religion og samfunn. Mange av artiklane var illustrerte med fotografi eller teikningar. Store delar av innhaldet var omsette artiklar frå utanlandske blad, men særleg i grunnleggjaren si tid som redaktør var det mykje eigenprodusert stoff.

Bakgrunnsstoff endre