Kristelig Gymnasium

Kristeleg Gymnasium, forkorta KG, er ein kristen ungdoms- og vidaregåande skule i Bydel Frogner i Oslo. Skulen vart grunnlagd i 1913 som privat gymnasium av fem kristne organisasjonar. I 1967 fekk KG òg ungdomsskule. I dag er skulen ått av Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. I 2005 fekk ungdomsskuletrinnet ved KG beste resultat av privatskolane i landet.

Josefines gate 8

Skulen har tradisjonelt fått fleire søkarar enn han har plassar til. Skulen utvida difor tilbodet med lokale i Pilestredet 56. Bygde stod ferdige hausten 2010.[1]

Skulen har to eigne songkor (KG Singers og KG-koret) og dessutan eit eige klokkekor (KG Bells). Desse held årleg ei rekkje konsertar, inkludert ein årleg Julesangaften i Oslo Konserthus.

Elevane ved skulen arrangerer årleg ein eigen innsamlingsaksjon (KGs Elevaksjon) til inntekt for ulike velgjerande organisasjonar.

Kjelder

endre
Referansar
  1. «KG utvider». Dagenmagazinet.no.