Kristen Aalborg

Norsk bonde og politikar

Kristen Andersen Aalborg (8. januar 186527. februar 1946) var ein norsk gardbrukar frå Tynset som representerte Hedmark fylke og BondepartietStortinget 1925-27.

Kristen Aalborg
Fødd 8. januar 1865
Død

27. februar 1946 (81 år)

Aalborg var son til ein gardbrukar. Sjølv var han elev ved Vonheim folkehøgskole vinteren 1882-83 og ved amtsskulen 1884-85. Elles arbeidde han på farsgarden til han sjølv tok over drifta i 1903. Jamsides var han i åra frå 1899 til 1920 agent for livsforsikringsselskapet Idun.

I 1914 var Aalborg med å stifte Tynset Tømmersalgsforening, og var formann i laget i fleire år. Elles styremedlem i Glommens Skogeierforening og i Sevilla Elektrisitetsverk.

Aalborg var medlem i skulestyret 1906-12 og overformyndar i Tynset 1921-24. Frå 1911 var han medhjelpar åt soknepresten.

Aalborg var i årevis ein aktiv deltakar i musikklivet på Tynset.

Hausten 1924 vart han vald til stortingsmann for Bondepartiet, og var perioden 1925-27 nestformann i Protokollkomiteen på Stortinget.

KjelderEndra