Tynset er ein tettstad og administrasjonssenteret i Tynset kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden ligg ved Glåma og har 2 934 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Tynset
tettstad
Tynset sett frå Tynsetbygda med Tronfjellet i bakgrunnen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Tynset
Areal 2,84 km²
Folketal 2 934  (2023)
Folketettleik 1 033 / km²
Postnummer 2500 TYNSET
Innbyggjarnamn tynseting
Preposisjon Tynset
Kart
Tynset
62°16′33″N 10°46′57″E / 62.27594°N 10.78241°E / 62.27594; 10.78241
Wikimedia Commons: Tynset (village)

Tynset har utvikla seg til eit regionsenter for Nord-Østerdalen. Her ligg mellom anna sjukehuset Innlandet Tynset og kontora til Nord-Østerdal tingrett. Tettstaden har grunnskule og vidaregåande skule.

Næringar endre

Jordbruket er ein viktig næringsveg i kommunen, og det rikaste jordbruksarealet ligg ved Glåma omkring der tettstaden Tynset ligg. Sidan Tynset ligg rimeleg høgt er jordbruket konsentrert om dyrking av gras til mjølkeproduksjon. Bygg kan nå modning i gunstige år, og det er òg ein del sauehald. Veksten til tettstaden skjer i samanstøyt med interessene for jordbruk.

På Tynset er det offentleg sektor og tenesteytande næringar innan handel, data, jus, økonomi og bygg og anlegg som dominerer. Fleire statlege, fylkeskommunale og interkommunale tiltak er tillagt Tynset. Mykje av funksjonen som regionsenter er knytt til tettstaden som skulesenter og lokaliseringa av sjukehuset Innlandet Tynset. Kulturhuset på Tynset er vorte eit levande og pulserande hus til bruk for Tynset og folket i Nord-Østerdalen.

Samferdsle endre

Tynset ligg sentralt i høve kommunikasjon. Langsetter Glåma, i retning sør, går Riksveg 3 og Rørosbanen til Elverum. Jarnbanen går vidare nordaustover langsetter Glåma og Rv3 går i retning nordvest gjennom kommunen og til Ulsberg. Fylkesveg 30 går nordover gjennom Tylldalen frå Øvre Rendal, kryssar Glåma attmed Tynset og går vidare langsetter vestsida av elva mot Tolga. Ei 125 m lang fagverksbru i limtre med spenn på 70 m opna i 2001. Mykje trafikk gjennom desse vegane har styrkt Tynset som turistområde. Nært Savalen er det skipa anlegg for vintersport.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre