Kristen Hotvedt

Kristen Hanssen Hotvedt (13. mars 182919. juni 1914) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Eidsberg i Østfold.

Kristen Hotvedt
Fødd 13. mars 1829
Død

19. juni 1914 (85 år)

Yrke politikar

Far til Hotvedt var gardbrukar på garden med same namn. Sjølv tok han over garden i 1851 og eigde han fram til 1912. Han var medlem av heradsstyret i Eidsberg 1860-79 og 1882-85, ordførar 1868-75 og 1882-85. Vidare var han med i forlikskommisjonen 1869-90 og var formann i matrikkelkommisjonen, samt valmann 1867-97.

Hotvedt var 2. representant frå Smaalenenes amtStortinget 1871-73. Han var medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde heime i Eidsberg sommaren 1914.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Ministerialbok for Eidsberg 1902-19