Kristen Skjeseth (3. august 18801959) var ein norsk prest.

Kristen Skjeseth
Fødd3. august 1880
Død1959
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest

Kristen Skjeseth vart fødd i Vang med foreldra Karen Kristoffersdtr og lærar Gudbrand Andersen Skjeseth.[1]

Etter avslutta teologistudiar tok han seg i 1908 arbeid på anlegg i Sør-Varanger, for verkeleg å kjenne vilkåra arbeidarene levde under på kroppen.[2] Sidan vart han tilsett som kapellan i Narvik og prost i Vågan i Lofoten. Han var tidleg ein ivrig talsmann for at kyrkja måtte engasjere seg i kampen for sosial rettferd. I 1913 vart han vald inn i bystyret i Narvik for Arbeidarpartiet, og vart varaordførar i byen. Han sat i bystyret til 1921, jamvel om han melde seg ut or Arbeidarpartiet etter at partiet programfesta at dei ville ha kristendomsfaget fjerna frå skulen i 1918.[treng kjelde]

Etter Lofotraidet i 1941 vart han arrestert at tyskarane og sat eitt år i fangenskap. Etter frigjeringa markerte han seg som ein kritikar av rettsoppgjeret, spesielt mot gjeninnføringa og bruken av dødsstraff.

Kristen Skjeseth var far til kommunisten Gunnar Skjeseth (1909–1937), som fall i den spanske borgarkrigen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra