Kristian N. Dæhlen

Kristian Nilssen Dæhlen (24. januar 186323. juni 1926) var ein gardbrukar og politikar frå Brandbu, busett i Gran kommune i Oppland. Han representerte Frisinna VenstreStortinget valperioden 1919-21.

Dæhlen var son til ein gardbrukar i Brandbu. Etter å ha gått amtsskulen 1888/89, kjøpte han i 1891 garden Lysen i Tingelstad i Gran kommune, eit bruk han dreiv til han døydde i 1926. Han gjekk inn i styringa av lokalsamfunnet og var i fleire periodar medlem i formannskapet, varaordførar i Gran treårsperioden 1904-07. Elles hadde han ei rad lokale verv i heradet, og var jamvel overformyndar og dessutan åstadskommissær i mange år. Dæhlen var styremedlem i Fellesslakteriet og 1917-25 i Grans Sparebank.

Valperioden 1919-21 representerte Dæhlen einmannskrinsen Hadeland og Land på Stortinget, vald på programmet til Frisinna Venstre. På Tinget var han medlem i Miltærkomiteen, til dess han 22. juni 1921 vart overflytta til Protokollkomiteen.

KjelderEndra