Brandbu er eit tettbygd område i Gran kommuneHadeland i Innlandet fylke. Busetjinga mellom Brandbu og Jaren er vorte så tett at Statistisk sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren som ein tettstad med 4 672 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Brandbu
stad
Brandbu Storlinna I.jpg
Storlinna på Brandbu
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gran
Postnummer 2760 BRANDBU

Brandbu
60°25′15″ N 10°30′24″ E
Wikimedia Commons: Brandbu
Inn mot Brandbu over Ringvang bru

Tidlegare var Brandbu kjend som «Augedals bro», og framlies kan ein høyre lokalfolk referere til staden som «Brua». Brandbu var tidlegare eigen kommune, og er framleis eige kyrkjesokn. Soknekyrkja er Nes kyrkje, på nordsida av Røykenvika. Brandbu kommune vart slegen saman med Gran kommune 1. januar 1962.[1]

AugedalsbroEndra

Augedalsbro eller Åvedalsbro er ein gammal brustad over Augedalselva (Vigga), og her var i eldre tid skysstasjon. Her møtest den gamle og den nye Bergensvegen, og Høgkorsvegen gjekk herfrå over til Toten. Brustaden vart flytta til Rosendal litt lenger oppe ved elva på midten av 1800-talet, men Augedalsbro fortsette å vere skysstad. Staden var dessutan møtestad for kommunestyret i den gamle Brandbu kommune.

Augedalsbro er motivet for målarstykket «Augedals bro» (1897) av Gerhard Munthe.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

ReferansarEndra

  1. Nettstaden slektshistorielaget.no