Kristian Stuvik Holm

Kristian Stuvik Holm (fødd 16. februar 1998) er ein norsk sjakkspelar, noregsmeister i sjakk 2021, og Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Kristian Stuvik Holm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1998 (23 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakkolympiaden 2014

Internasjonal Meister i sjakkEndra

Kristian Stuvik Holm vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar i Kecskemet i Ungarn. I desember 2012 - januar 2013 tok han 7,5 poeng på 10 rundar, i september 2014 tok han 8 poeng på 10 rundar, og februar 2015 tok han 7,5 poeng på 10 rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han også med 2414 pr. 1. mars 2015.[1] Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-møtet i Chengdu, Kina 26-29. april 2015.

Noregsmeister i sjakk for 2021Endra

Kristian Stuvik Holm vart noregsmeister i sjakk for 2021 med 6,5 poeng på 9 rundar, 4 sigrar og 5 remisar. Dette var same poengsum som førehandsfavoritten Jon Ludvig Hammer. Holm fekk tittelen på betre kvalitetspoeng, altså at han hadde møtt relativt sterkare motstand. At Holm vann NM var ei overrasking, han var rangert som nr. 10 i turneringa.[2][3]

Prestasjonen i NM ga han også eit andre napp i stormeister-tittelen. Den første innteikninga kom med tredjeplassen han tok i NM 2019. For å bli stormeister i sjakk treng Holm eitt slikt sterkt resultat til, og han må dessutan klare å få eigen Elo-rating over 2500.[4]

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra