Kristin Roset (fødd 22. oktober 1979) er ein norsk journalist, tidlegare friidrettsutøvar (mellomdistanseløp) og forfattar frå Sandane i Gloppen kommune. Ho representerte Gloppen Friidrettslag og vart norsk meister på 800 meter tre gonger frå 1999 til 2001. Frå 2007 til 2014 var ho redaktør for magasinet Birkebeiner'n som i 2013 endra namn til Magasinet Birken. I dag jobbar ho som journalistfrilans for Dagbladet og skriv bloggen Springerinne.[1] Ho er forfattar av boka Spring for livet (2016) som handlar om spiseforstyrrelsar og toppidrett.

Kristin Roset

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. oktober 1979 (44 år)
Sandane
Yrke journalist, redaktør
Språk norsk

Bakgrunn endre

Ho voks opp på Fitje, sør for Sandane sentrum, og har to eldre brør, hennar eldste bror, lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, var trenaren hennar gjennom det meste av karrieren. Han var sjølv ein habil 400 meterløpar og representerte Norge som juniorutøvar. Ho gjekk idrettsfag ved Firda vidaregåande skule frå 1995 til 1998. Kristin Roset bur idag på Lillehammer.

Journalistkarriere endre

Roset tok journalistutdanninga si ved Høgskolen i Oslo, og arbeidde deretter som journalist i lokalavisa Firda Tidend på Sandane. Ho vart dagleg leiar i Rogaland Friidrettskrets, og busette seg i Stavanger. I desember 2007 vart ho tilsett som redaktør for sportsmagasinet Birkebeiner'n. Etter mammapermisjon i 2014/2015 starta ho som journalistfrilans for Dagbladet. Ho skriv også bloggen Springerinne.

Idrettskarriere endre

Roset dreiv tidleg med uthaldingsidrettar, og var ein god langrennsløpar, men ho fann seg best til rette på friidrettsbana. Ho representerte Sandane Turn og Idrettslag i dei aldersbestemte klassane, og Gloppen Friidrettslag som junior og seniorutøvar. I 1999 vann ho 800 meter under NM, og følgde opp med ytterlegare to sigrar i 2000 og 2001. Ho fekk sølv i 2002 og bronse i 2003.[2] Den personlege rekorden hennar på 800 meter er 2.03,64 sett under eit stemne i Drammen, 8. juli 2001.[3] På 1500 meter har ho bestenoteringa 4.10,56, frå eit stemne i Cork i Irland 6. juli 2002. Det resultatet gir ho niande plass på lista over 1500 meterløparar gjennom tidene i Norge.[4]

NM-medaljar endre

Plassering Øvelse År
Gull 800 meter 1999, 2000 og 2001
Sølv 800 meter 2002
Bronse 800 meter 2003

Bibliografi endre

Bøker endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Springerinne, arkivert frå originalen 24. mai 2016, henta 6. juni 2016 
  2. «NM-medaljer på 800 meter for kvinner». friidrett.no.  statistikk
  3. «Alle tiders beste kvinnelige 800 meterløpere». friidrett.no.  statistikk
  4. «Alle tiders beste kvinnelige 1500 meterløpere». friidrett.no.  statistikk

Bakgrunnsstoff endre