Firda Tidend

Firda Tidend er ei lokalavis for Gloppen og Jølster, som vert gjeven ut to dagar i veka på Sandane i Vestland fylke. Avisa vart oppretta som kamporgan for bonderørsla i 1924, sterkt knytt til Bondepartiet som vart stifta fire år før; i 1920. I den første tida vart avisa driven av eit aksjeselskap, men grunna økonomiske vanskar vart eigarskapen overført til Anders Øvreseth, som då òg tok redaktørstolen i heile 36 år (1930-1966).

Firda Tidend
TypeDagsavis
(to dagar i veka)
FormatTabloid
Oppretta1924
Første trykk1. juli 1924
MålformNynorsk
Lokalavis forGloppen og Indre Jølster
EigarskapSenterpartiet
Fleire mindreeigarar
Opplag2 977 (2014) 
RedaksjonskontorNordstrandsvegen
PB 38
Postnummer6823
StadSandane
Ansvarleg redaktørAadne Gloppestad  (2006)
Politisk posisjonKnytt til Senterpartiet
Nettstadfirdatidend.no

I 1967 vart avisa omorganisert til å skulle fungere som lokalavis for Gloppen og Jølster. Selskapet L/L Senterpartiavisa vart oppretta som eigarorganisasjon, og Senterpartiet heldt fram som største aksjonær med til saman 45 % av aksjane, medan resten kom i eigarskap av fleire einskildmedlemmer i partiet og handelslaget på Breim.

I 1981 annekterte L/L Senterpartibladet Solglimt Trykkeri.

Firda Tidend har til saman 8 tilsette.[1]

Redaktørar i Firda TidendEndra

OpplagstalEndra

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 3 227
2001 3 155
2002 3 154
2003 3 174
2004 3 110
2005 3 106
2006 3 100
2007 3 070
2008 3 056
2009 3 064
2010 3 046
2014 2 977

KjelderEndra

  1. «Om Firda Tidend», Firda Tidend, henta 10. februar 2022 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

BakgrunnsstoffEndra