Kristkyrkja i Borgund

tidl. kyrkje i Borgundkaupangen i Ålesund

Kristkyrkja var ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen. Eldste omtalen av kyrkja og presten er frå 1309.[1] Det går fram av omtalen i Aslak Bolts jordebok[2] (1432) at kyrkja allereie låg øyde. Ein trur at det er ruinen av denne kyrkja som i 1880 er omtala å liggje like nedanfor prestegardslåven, søraust for noverande Borgund kyrkje, men at ho er borte no.[3] Staden er ikkje arkeologisk undersøkt.

Kyrkja skal ha vore ei steinkyrkje frå andre halvdelen av 1100-talet, med rektangulært skip og kvadratisk kor, utvendig kledd med marmorkvader.[4]

Nemninga kristkyrkje vert ofte nytta om domkyrkjer med biskop, men eksistensen av eit eventuelt kortvarig bispedøme på Sunnmøre synest ikkje eintydig påvist.[5]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Diplomatarium Norvegicum XV:1
  2. Side 131 og 136.
  3. Sjå t.d. Kulturminnesøk.
  4. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 18.
  5. Middelalder på Sunnmøre

Bakgrunnsstoff endre