Mynt eller krone

(Omdirigert frå Kron og mynt)

Mynt eller krone er ein metode for å velje mellom to likeverdige utfall.

Mynt eller krone vert til dømes brukt for å avgjere kva for lag som velje side eller ta avspark i ein fotballkamp.

  • All mynt har tradisjonelt verdien oppgitt på baksida, reversen. Denne sida vert i denne samanhengen kalla «mynt».
  • På framsida har mynten portrettet, seglet eller våpenet til den som står som garantist for mynten, denne sida vert kalla advers eller i denne samanhengen «kron» eller «krone».