Krukke
Krukke (norrønt krukka, frå lågtysk eller gammalengelsk) er typisk eit sylinderforma kar av leire, porselen, glas og anna. Dei kan ha løftehankar (øyre) i sidene eller lok. Krukker blir særleg brukt til lagring av mat og drikke som syltetøy, rømme, krydder, pasta og vatn.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8f/Syltekrukke_NF.2010-0222.jpg/170px-Syltekrukke_NF.2010-0222.jpg)
Krukker har også andre bruksområde, til dømes som blåseinstrument (jug) eller rytmeinstrument (t.d. ghatam). Dei speler ei rolle i fleire hinduritual og -tradisjonar, som dansen garba.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Taishakuten_Sando_-03.jpg/220px-Taishakuten_Sando_-03.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Kryddekrukke_NF.1971-0061AB.jpg/170px-Kryddekrukke_NF.1971-0061AB.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Leket%C3%B8yskrukke_NF.1985-0175.jpg/170px-Leket%C3%B8yskrukke_NF.1985-0175.jpg)
Krukkelaging i Norden
endreAllereie i romersk jernalder blei det produsert keramikkkrukker av høg kvalitet i Norden.[1] I perioden 1000–1600 ser det ikkje ut til å ha vore nokon keramikkproduksjon i Noreg. Først mot slutten av 1600-talet blei pottemakarfaget meir synlig, og utover på 1700-talet fann det stad ei stor oppblomstring med pottemakarar som slo seg ned både i byar og på landsbygda.[2]
På 1800-talet blei det utvikla glaskrukker som kunne forseglast hermetisk, slik at mat kunne lagrast svært lenge utan å rotna. Norgesglaset blei først produsert av Drammen Glassverk, og blei særs populært i Noreg på 1900-talet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krukke (oppbevaringskar)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. august 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Litteratur
- Cederlund, Carl Olof (1963): «Keramik». Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, Bd.8, sp. 381-387, Oslo.
Opstad, Lauritz(1990): Norsk pottemakeri 1600-1900. Oslo. ISBN 82-521-3507-2
- Østby, Jon Birger(1984): Nomenklatur for melkestell. Med tegninger av Torill Sand. Oslo.
- May Tove Nyrud, «Trodde du at norgesglasset var norsk?», digitaltfortalt.no