Krypsoleie
Krypsoleie er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing og er mykje av ein kosmopolitt. Planta vert kring 20 cm høg og er mørkgrøn, snau eller håra. Krypande stengel med røter ved ledene og opprette greina stenglar. Bladet delt i tre tydeleg skafta flikar. Han har snau nøtt med kort rett nebb. Krypsoleie blømer kring juni månad på fuktige stader og i åkrar.
Krypsoleie | |
Krypsoleie | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Krypsoleie R. repens |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus repens |
Den opphavlege utbreiinga av krypsoleie er i Europa, Nord-Afrika og tempererte delar av Asia. Han finst også innført i Australia, New Zealand, Nord- og Sør-Amerika.[1] Krypsoleie er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1230 moh. på Hardangervidda.
Kjelder
endre- ↑ Taxon: Ranunculus repens L., Germplasm Resources Information Network (GRIN)
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Svensk Wikipedia.