Kuçovë
Kuçovë er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan.
Kuçovë | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Berat | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 160,23 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Kommune (2023) - Byområde |
31 077 12 629 | ||
Koordinatar | 40°48′14″N 19°54′52″E / 40.80389°N 19.91444°E | ||
Høgd over havet | 58 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.bashkiakucove.gov.al/ | |||
Plassering | |||
![]() |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kuçovë vart slått saman med landkommunane Kozare, Perondi og Lumas.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kuçovë.
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var den dåverande bykommunen Kuçovë ein del av distriktet Kuçovë saman med landkommunane Kozare og Perondi, medan landkommunen Lumas høyrde til distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Kuçovë.[2]
Folketal
endreKommunaleining | Folketal 2011[4] | Folketal 2023[1] |
---|---|---|
Lumas | 3 981 | 3 476 |
Kozare | 5 622 | 5 775 |
Kuçovë | 12 654 | 12 629 |
Perondi | 9 005 | 9 197 |
Kommunen Kuçovë | 31 262 | 31 077 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Censusi i popullisë dhe baneshave në Shqipëri 2023: Berati» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2024. Henta 14. mars 2025.
- ↑ 2,0 2,1 «Ligj nr. 115/2014: Për ndarjen administrativo-territoriale të njësive të qeverisjes vendore në Republikën e Shqipërisë». Fletorja Zyrtare: Viti 2014 – Numri 137 (på albansk og engelsk). qbz.gov.al. 2013. Henta 12. mars 2025.
- ↑ «Ndarja administrative-territoriale e vitit 2000» (på albansk). ShtetiWeb. Henta 12. mars 2025.
- ↑ «Censusi i popullisë dhe baneshave: Berat 2011» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2013. Henta 12. mars 2025.