Kubena
Kubena (russisk Кубена) er ei elv i Arkhangelsk oblast og Vologda oblast i Russland, som munnar ut i Kubenskojesjøen i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.
Kubena | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 000 km² | ||
Lengd | 368 km | ||
Middelvassføring | 52,2 m³/s | ||
Kjelde | Konosjahøgdene | ||
Munning | Kubenskojesjøen | ||
Kubena 59°35′20″N 39°37′20″E / 59.588888888889°N 39.622222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Kubena River |
Ho har ei lengd på 368 km og eit nedslagsfelt på om lag 11 000 km². Byen Kharovsk ligg på venstresida av elva.
Dei største sideelvane hennar er Vottsja, Jemba, Siamzjena og Sima frå venstre og Katroma, Sit og Kikht frå høgre.
Kubena spring ut frå Konosjahøgdene som ligg sør i Arkhangelsk oblast, i nærleiken av landsbyen Konosja. Ho følgjer så eit svingete spor sørover med mange stryk, og her er elvebreidda høg og skogkledd. Etter Kharovska renn elva langt saktare og breidda hennar aukar til 200-300 meter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Кубена» frå Wikipedia på russisk, den 16. oktober 2008.