Arkhangelsk oblast
Arkhangelsk oblast (russisk Архангельская область, Arkhangelskaja oblast) er eit oblast nordvest i Russland. Arkhangelsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet er oppkalla etter hovudstaden, byen Arkhangelsk. Oblastet er på storleik med Frankrike, med ei flatevidd på 587 400 km² og 20 distrikt, 13 byar, 38 bynære bygder og kring 4000 bygder. Oblastet omfattar òg det autonome området Nenetsia, Novaja Zemlja-øyane og Franz Josef Land. Arkhangelsk oblast grensar mot republikken Karelia og oblasta Vologda oblast og Murmansk oblast. Oblastet er omgjeve av tre hav; Kvitsjøen, Barentshavet og Karahavet aust for Novaja Zemlja. På gamle kart vart dette området kalla Dvinskaja Zemlja (Dvinaland).
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Arkhangelsk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 13. 587 400 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 74. | ||||
Føderalt distrikt | Nordvestlege | ||||
Økonomisk region | Nordlege | ||||
Regionsnummer | 29 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Igor Orlov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Hovudnæringa er skogbruk, med trearbeid og papirproduksjon. Arkhangelskregionen har òg mykje industri knytt til militær verksemd. Landbruket er konsentrert om reindrift og produksjon av kjøt og meieriprodukt frå kveg.
Folkesetnad Endra
Dei største byane er Arkhangelsk, med 348 800 ibuarar i 2010 og Severodvinsk (192 400).[1]
Ved folketeljinga i 2010 var dei største etniske gruppene:[1]
- Russarar: 93,6 %
- Ukrainarar: 1,4 %
- Nenetsar: 0,7 %
- Kviterussarar: 0,5 %
- Komiar: 0,4 %
Fotnotar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010