Sleggjekast er ei øving innan friidrett der målet er å hiva ei tung stålkule festa til ein stålvaiar med handtak i enden, lengst mogleg.

«Sleggje» frå Scottish Highland Games. (Foto: James F. Perry)

Utøverane gjev kula størst fart, og dermed kastlengde, ved først å rotera den 7,25 kg (4 kg for kvinner) tunge kula rundt hovodet fleire gonger medan dei står stilt, og deretter rotera saman med «sleggja» før dei slepp henne i fremre enden av kastsirkelen.

Sleggjekast har vore olympisk idrett frå 1900 for menn, men blei først godkjend som kvinneøving av IAAF i 1995.

Den gjeldende verdsrekorden for menn blei sett av Jurij Sedykh med eit kast på 86,74 m under EM i friidrett i Stuttgart i 1986. Kvinnerekorden har Tatjana Lysenko, som kasta 77,06 m i Moskva 15. juli 2005.