Kulleseidkanalen
Kulleseidkanalen ligg ved tettstaden Finnås. Kanalen vart bygd på 1800-talet for å letta båtane si ferd mellom austsida og vestsida av Bømlo. I dag er kanalen ein liten handelsstad og turiststad, med m.a. daglegvareforretning, bensinstasjon og ei populær gjestehamn. Det ligg føre planar om å laga eit badeland ved Kulleseidkanalen.
Kulleseid var namnet på matrikkelgarden med gardsnummer 122 i Bømlo kommune.