Kuloj ved Kvitsjøen
Kuloj (russisk Кулой) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho spring ut frå Belomorsko-Kulojskojeplatået nordaust for Arkhangelsk og munnar ut i Mezenbukta i Kvitsjøen.
Kuloj | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 400 km² | ||
Lengd | 350 km | ||
Middelvassføring | 150 m³/s | ||
Kjelde | Belomorsko-Kulojskojeplatået | ||
Munning | Mezenbukta i Kvitsjøen | ||
Kuloj ved Kvitsjøen 66°12′55″N 43°41′58″E / 66.21527778°N 43.69944444°E |
Elva er 350 km lang med eit nedslagsfelt på 15 400 km². Middelvassføringa hennar er 150 m³/s ved utløpet. Ho renn først austover og skjer seg ned i ei djup kløft på veg ned frå platået og endrar så brått retning og renn rett nordover. Elva har heile vegen mot Kvitsjøen eit særs buktande og meanderande løp. Dei nedste 90 km av elva er påverka av tidvatn.
Kuloj er knytt saman med elva Pinega gjennom den 6 km lange Kuloj-Pinega-kanalen, som vart bygd på 1920-talet for å transporte tømmer til Arkhangelsk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kuloj» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2008.