Kundrjutsja (russisk Кундрючья) er ei elv i Lukhansk oblast i Ukraina og Rostov oblast i Russland og ei av sideelvane til Donets frå høgre. Elva er 244 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 320 km². Middelvassføringa hennar ved munningen er 3,74 m³/s

Kundrjutsja
elv
Land  Russland,  Ukraina
Nedslagsfelt 2 320 km²
Lengd 244 km
Middelvassføring 3,74 /s
Munning Donets
Kart
Kundrjutsja
47°43′44″N 40°56′28″E / 47.728889°N 40.941111°E / 47.728889; 40.941111
Kart over Donets
Kart over Donets
Kart over Donets
Wikimedia Commons: Kundruchya River

Elva frys til i slutten av november og er islagt til midten av mars. Byen Krasnyj Sulin ligg ved Kundrjutsja.

Elva er rik på fisk, mellom anna karpe, åbor og gjedde, men ho er sterkt forureina og av den grunn er det forbode å symje i elva.

Kjelder

endre