Kunduz er ein by i Kunduz-provinsen nord i Afghanistan, nær grensa mot Tadsjikistan. Han har eit folketal på rundt 268 900,[1] medan Kunduz-distriktet har eit folketal på rundt 304 600.[2]

Kunduz (قندوز)
Kundûz, Qonduz, Qondûz, Konduz, Kondûz, Kondoz, Qhunduz
by
MSF bureau Genève Novembre 2015.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Koordinatar 36°43′43″N 68°52′5″E
Folketal 268 893 (2012)
Wikimedia Commons: Kunduz

Kunduz ligg 250 km nord for Kabul, ca. 400 moh. Han har vegsamband med Mazar-e Sharif i vest, Sher Khan Bandar i nord og Kabul i sør. Byen er eit handelssenter i eit fruktbart kunstvatningsdistrikt der ein mellom anna dyrkar bomull, melonar og ris.

Byen ligg i den historiske baktriske regionen Tokharistan.

I antikken var byen kjend som Drapsaka og var eit viktig buddhistisk senter.

KjelderEndra

  1. «The State of Afghan Cities 2015». Henta 11. oktober 2015. 
  2. «Settled Population of Kunduz province by Civil Division, Urban, Rural and Sex-2012-13» (PDF). Henta 12. januar 2014. 
  Denne geografiartikkelen som har med Afghanistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.