Kuppforsøket i Estland i 1924

Kuppforsøket i Estland i 1924 fann stad 1. desember 1924, då ei gruppe estiske kommunistar forsøkte å ta makta ved statskupp i Estland. Kuppforsøket møtte motstand og vart raskt slått ned. Det var støtta av Komintern og bidrog til å forverre forholdet mellom Estland og Sovjetunionen.

Kuppmakarane stod under leiing av Jaan Anvelt og talde i underkant av 300 personar. Gruppa var samansett av estiske kommunistar, arbeidarar ved sovjetiskeigde fabrikkar og andre som kom over grensa frå Sovjetunionen, som hadde utrusta, trena og støtta kuppmakarane. I dei tidlege morgontimane 1. desember 1924 gjekk grupper av kuppmakarar til aksjon mot regjeringskontor, militærinstitusjonar og sentrale samferdslemål. Den største gruppa på 50 mann vart sett inn mot offisersskulen i Tondi. Andre og mindre grupper på mellom 7 og 10 personar gjekk til aksjon mot regjeringsinstitusjonar og sentrale kommunikasjonsknutepunkt i Tallinn, der dei mellom anna forsøkte å ta kontroll over jernbanestasjonen og hovudpostkontoret. Forsvarsdepartementet og fleire politistasjonar vart angripne. Kuppmakarane gjekk også til angrep på heimen til statsoverhovudet Friedrich Akel, men han sjølv slapp unna opprørarane.

I november 1924 vart 149 personar dømde for statsfiendtleg verksemd, noko som svekte stillinga til kuppmakarane. Dei håpa aksjonen ville få støtte blant estiske arbeidarar, noko som viste seg å vere feil. Kuppmakarane håpa også at kuppet ville resultere i ein sovjetisk invasjon, noko som heller ikkje skjedde. I staden vart kuppmakarane nedkjempa av det estiske militæret, politiet og sivile frivillige. Omkring 20 personar vart drepne av opprørarane, som sjølv leid eit tilsvarande tap. Mellom dei kuppmakarane drap var samferdsleminister Karl Kark.

Etter kuppforsøket forsvan oppslutnaden til Kommunistpartiet saman med medlemstalet. Partiet vart også forbode.

Bakgrunnsstoff

endre