Magnetanomalien i Kursk

(Omdirigert frå Kursk magnetiske anomali)

Magnetanomalien i Kursk (russisk Курская магнитная аномалия - Kurskaja magnetnaja anomalija) er eit område rikt på jernmalm i Kursk, Belgorod og Voronezh oblast i Russland og utgjer ein viktig del av Den sentrale svartjordregionen. Magnetanoamlien i Kursk vert rekna som den største magnetanomalien i verda.[1]

Magnetanomalien i Kursk
område
Land  Russland
Kart
Magnetanomalien i Kursk
51°15′13″N 37°40′10″E / 51.253611111111°N 37.669444444444°E / 51.253611111111; 37.669444444444
Wikimedia Commons: Kursk Magnetic Anomaly

Magnetanomailen i Kursk (KMA) vart først oppdaga i 1733 av den russiske astronomien og akademikaren Pjotr Inokhodtsev medan han lagde kart for dei russiske styresmaktene. Området vart først undersøkt igjen i 1875 då I. N. Smirnov gjorde dei første geomagnetiske undersøkingane i den europeiske delen av Russland. I 1883 gjorde N.D. Piltsjikov 71 observasjonar i magnetanomalien. Desse viste at omfanget var langt større enn tidlegare og for første gong vart jernmalm identifisert som årsaka. I 1884 fekk Piltsjkov sølvmedalen av Den russiske geografiske foreininga for oppdaginga.

Vidare undersøkingar av det økonomiske potensialet til anomalien vart gjort under Ivan Gubkin i 1920-1925, opphavleg for å undersøke om det kunne vere olje her. Det vart oppdaga rike malmårer i regionen rundt 1931. Malmen er spreidd over eit område på 120 000 km² og består av magnetittkvartsitt i metamorfe bergartar og prekambrisk granitt. Det er estimert at det finst 25 milliardar tonn kvartsitt med 23-37 % jerninnhald og meir enn 30 milliardar tonn med 52-60 % jerninnhald. Dagbrotmetoden vert nytta til å grave ut denne malmen ved Stojlenskoje, Lebedinskoje og Mikhailovskoje. Ved Korobkovskoj vert malmen henta ut frå gruver.

Kjelder endre

  1. Patrick T. Taylor, Ralph R. B. von Frese og Hyung Rae Kim (2003). «Results of a comparison between Ørsted and Magsat anomaly fields over the region of Kursk magnetic anomaly (abstract)». Proceedings of the 3rd International ØRSTED Science Team Meeting (Danish Meteorological Institute): 47–50. Henta 22. desember 2007. 

51°15′13″N 37°40′10″E / 51.25361°N 37.66944°E / 51.25361; 37.66944