Kurt Bilteaux Thomas (29. mars 19565. juni 2020) var ein USA-amerikansk turnar frå Miami. Han var den fyrste frå USA som vart verdsmeister i turn.

Kurt Thomas
Statsborgarskap USA
Fødd 29. mars 1956
Hollywood
Død 5. juni 2020 (64 år)
Texas
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 1976

Thomas vann gullmedaljen i frittståande under Turn-VM 1978 i Strasbourg, etter han vart nummer 6 i mangekampen. Høgdepunktet kom året etter då Turn-VM 1979 fann stad i Fort Worth i Texas. Her kom han sølvplassen i mangekampen, einast Aleksandr Ditjatin frå Sovjetunionen sanka fleire poeng. Samstundes bidrog Thomas sterkt til at USA fekk bronse i lagtevlinga. Han vann så gullmedaljen i svingstang og i frittståande, i den siste øvinga delte han sigeren med Roland Brückner frå Aust-Tyskland. På bøylehest og i skranke vann Thomas to sølvmedaljar. Etter USA boikotta Sommar-OL 1980 la han opp.

Kjelder

endre