Kuvlungane
Kuvlungane var ei gruppe i den norske borgarkrigstida. Kuvlungane vart danna i 1184, og hadde Jon Kuvlung som hovding. Jon hadde vore munk på Hovedøya og namnet kuvlung var eit spottenamn birkebeinarane nytta om flokken (norrønt språk: kufl tyder munkehette). Kuvlungane vart slegne av kong Sverre ved Bergen i 1188 der Jon Kuvlung fall.